Er du helsefagarbeidar som trivst med varierte arbeidsdagar og pasientar i ulike aldrar?
Osterøy kommune
- Frist 13.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Korttidsavdelinga tek imot pasientar i alle aldrar som er i ein overgangsfase, til dømes etter sjukehusopphald, ved behov for tett oppfølging over ein avgrensa periode, eller før retur til eigen heim eller vidare til andre kommunale tenester som langtidsplass i institusjon. Avdelinga tek også imot pasientar med behov for lindrande behandling og palliativ oppfølging.
Det er fast tilsette sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar i avdelinga. Dei arbeider tett saman med sjukepleiarteamet, sjukeheimslegen og ergo- og fysioavdelinga, og samarbeider med heimetenesta om pasientar som er felles brukarar av kommunale helsetenester.
Stillingen er ledig: oppstart etter avtale, med varighet til og med 01.04.2027
Turnus med arbeid kvar tredje helg
Kven søkjer vi etter?
Vi søkjer etter deg som trivst i lag med pasientar i ulike livsfasar!
Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevner. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer.
Om du er helsefagarbeidar eller har en annen relevant kompetanse innen faget som likar å arbeide med pasienter som er i ein overgangsfase er dette ei god stilling for deg!
Ikkje nøl med å ta kontakt med oss om du lurar på noko!
Vi tilbyr deg
- Ei spanande og gjevande stilling som helsefagarbeidar på korttidsavdelinga
- Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
- Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjartevarme
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Turnus med dag- og kveldsvakter. Arbeid kvar 3. helg
- Moglegheit for å lade el- bil mot avgift
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Arbeidsoppgåver
- Arbeid på korttidsavdelinga med pleie, personleg oppfølging og rehabilitering/habilitering av pasientane
- Opplæring og utføring av diverse prosedyrer som er aktuelle på avdelinga
- Dokumentasjon i journalsystemet Profil. Me går over til Visma Flyt i 2026
- Tverrfagleg samarbeid med sjukeplaiarar, lege og ergo-/fysioavdelinga
- Samarbeid med heimetenesta om pasientar som skal heim og treng oppfølging
Kvalifikasjonar
- Må ha autorisasjon som helsefagarbeider
- Ha evne til å gjera faglege vurderingar og gjennomføra desse og å utvise godt skjønn
- Vera opptatt av kvalitet og å halde deg fagleg oppdatert
- Om du får tilbod om stillig må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader
- Du er fleksibel, endringsvillig og løysingsorientert
- Du må ha gode samarbeidsevner
- Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk.
- Å vera personleg eigna vil bli vektlagt
- Annen relevant erfaring/kompetanse kan bli vektlagt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451783363
- Sist endret
