Psykologspesialist/psykolog
Psykiatrisk klinikk, Helse Førde
- Frist 5.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Psykiatrisk klinikk har ledig 100% vikariat som psykologspesialist/psykolog ved Psykiatrisk klinikk, DPS dag i Førde.
Oppstart snarast mogleg.
Den som blir tilsett må kunne arbeide ved andre einingar i klinikken ved behov.
Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn og har i tillegg sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har ca 200 årsverk og av desse er det 14 psykologar. Det er eit aktivt forskingsmiljø tilknytta Psykiatrisk klinikk, som har fleire pågåande doktorgradsprosjekt om psykisk helse og behandling.
Vi flytta inn i nytt moderne bygg i mars 2021, der vi har poliklinikk og 4 sengepostar med til saman 41 sengeplassar. Vi er samlokalisert med Førde BUP og vi ligg tett på Førde sentralsjukehus. Nybygget har ført til at fleire tilsette har blitt samla i eit større fagmiljø. Psykolog i spesialisering har høve til å kunne få all teneste som trengs for spesialisering i Førde.
DPS dag er ein poliklinikk for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Tilsette er tverrfagleg samansett med psykologar, legar og høgskuletilsette. Poliklinikken er lokalisert i Førde og Florø, og tilbyr ei rekke ulike terapiformer som t.d. eMeistring, MBT-I/G, B4DT. Vi har eit oppsøkjande psykoseteam og er i gang med å etablere eit FACT-team.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Nyttig informasjon ved jobbsøking til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet vil bestå av akutte vurderingar av pasientar som er i behov av rask psykisk helsehjelp, korte intervensjonar, behandling for ein allmenn pasientpopulasjon, samt rådgjeving og rettleiing til kommunane.
- Viktige samarbeidspartar vil vere fastlege, legevakt og den kommunale psykiatritenesta.
- Den som blir tilsett vil vere med og utvikla tenestetilbodet.
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist/psykolog med norsk autoriasjon i klinisk psykologi
- Søkjar må kunne kommunisere godt på norsk både skriftleg og munnleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Gode evner til å kommunisere, samarbeide og til å tenkje heilskapleg
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Samarbeidsvillig
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
- Rettleiing og deltaking på kurs som ledd i spesialistutdanning for psykologar som er under utdanning til å bli psykologspesialist
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Rebecca Mendes Melvær, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 707Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5076125796
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.03.2026
Sluttdato: 30.09.2026
Søknadsfrist: 05.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451762860
- Sist endret
