Miljøarbeidar
Bømlo heimetenester, Bømlo kommune
- Frist 4.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Bømlo heimeteneste har ledig 2 x 100% faste stillingar som miljøarbeidar ved våre Trivselshus. Me søkjer engasjerte og trygge medarbeidarar som ønskjer å bidra til gode dagar, meistring og trivsel for brukarane våre.
Om Trivselshus
Trivselshus er eit dag- og aktivitetstilbod for heimebuande brukarar med behov for sosialt fellesskap, struktur, aktivitet og støtte i kvardagen. Tilbodet er ein viktig del av det heilskaplege tenestetilbodet i heimetenesta.
Som miljøarbeidar hos oss blir du ein viktig del av eit tverrfagleg team som jobbar for at brukarane våre skal kunne leve gode og sjølvstendige liv i eigen heim eller tilrettelagt bustad. Du får høve til å bruke både fagkunnskap og kreativitet i møte med menneske, og du vil få ansvar for både praktiske oppgåver, dokumentasjon og samarbeid med pårørande og andre fagmiljø.
Stillingane inneber dagarbeid på vekedagar med arbeid kvar 3. helg.
Er du klar for å bidra til eit inkluderande og inspirerande miljø der trivsel og fagleg utvikling går hand i hand? Då vil me gjerne høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Planleggja og gjennomføra aktivitetar som fremjar trivsel, meistring og sosial deltaking.
- Miljøarbeid i tett samarbeid med brukarar, pårørande og kollega
- Bidra til struktur, tryggleik og gode kvardagsrutinar
- Samarbeid med andre faggrupper i heimetenesta
- Dokumentasjon i tråd med gjeldande rutinar
- Bidra til utvikling av Trivselshus - tilbodet
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan helse-, sosial- eller pedagogiske fag er ønskeleg
- Relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Du er trygg, omsorgsfull og har god relasjonskompetanse
- Du er strukturert og sjølvstendig, men trivst også i team
- Du har evne til å skapa engasjement og gode opplevingar for andre
- Du er fleksibel og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.
Andre opplysingar
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting etter Helse- og omsorgstenestelova § 5.4
Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med (avdelingsleiar May Linn Bortne eller avdelingsleiar Elin Akse Vik)
Kontaktinformasjon
Hilde Markhus, 909 49 278Arbeidsstad
Leirdalen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5082933824
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 13.04.2026
Søknadsfrist: 04.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451677890
- Sist endret