Operasjonell innkjøper
Seksjon for Innkjøp og logistikk, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vi har ledig eit vikariat som operasjonell innkjøper!
Som innkjøpskonsulent skal du vere med å sørgje for at helsepersonell har tilgang til nødvendige varer og materiell for å kunne gje god og sikker pasientbehandling.
Arbeidsoppgåver
- Innkjøp av varer til lager og avdelingar ved våre sjukehus og andre eksterne einingar
- Følgje opp ordrar, leveransar og leverandørar
- Sikre effektiv bruk av ERP-systemet SAP
- Registrere avvik og løyse problemstillingar knytt til leveransar
- Fakturahandtering
- SAP-support internt i helseføretaket
Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanning, gjerne bachelorgrad innan fag som innkjøp, logistikk og administrasjon
- God generell datakunnskap, gjerne med arbeidserfaring og kjennskap til SAP
- Kunnskap/kjennskap til innkjøpsprosessar
- Erfaring fra kontakt og oppfølging av leverandørar
- Manglande formell kompetanse kan kompenserast med relevant erfaring
Personlege eigenskapar
- Du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i samarbeid med både fagkollegaer og anna fagpersonell
- Du har stor arbeidskapasitet og trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
- Du jobbar strukturert, er grundig og nøyaktig
- Du har eit sterkt ønske om å yte god service
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
Kontaktinformasjon
Hallgeir Hartvigsen, Innkjøpssjef, Hallgeir.Hartvigsen@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5080193582
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 13.04.2026
Sluttdato: 31.05.2027
Søknadsfrist: 01.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451660840
- Sist endret

