
Rådgivar/seniorrådgivar
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- Frist 04.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søker ein ny kollega til spennande stilling innan velferdspolitikk.
Om stillinga
Er du interessert i viktige, spennande og komplekse arbeidsoppgåver på eit samfunnsområde med stor betyding? Vi har ledig ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar i seksjon for arbeidsavklaringspengar og sosiale tenester (SAS).
Velferdspolitisk avdeling har oppgåver knytt til inntektssikring, levekår og oppfølging av dei som har falle utanfor arbeidslivet på grunn av helsemessige eller sosiale utfordringar. Seksjonen har ansvar for arbeidsavklaringspengar, arbeidsretta oppfølging, sosialtenestelova, departementets styring av Statsforvaltaren og Helsetilsynet, og koordineringa av avdelinga sitt arbeid med sosialpolitikk herunder fattigdom.
Seksjonen har 12 medarbeidarar med tverrfagleg kompetanse.
Arbeidsoppgåver
Du vil få oppgåver innan området sosialpolitikk, som sosiale tenester, levekår og fattigdomsproblematikk. I tillegg vil du bli avdelinga sin koordinator for nordisk samarbeid på det velferdspolitiske området, ikkje minst inn mot det norske formannsskapet i Nordisk ministerråd i 2027. Arbeidet inneber utstrekt involvering i arbeidsoppgåver initiert av andre avdelingar og departement, som strategiar, handlingsplanar og meldingsarbeid.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande miljø, der du får varierte oppgåver, gode moglegheiter til å lære og utvikle deg, og til å samarbeide tett med erfarne og engasjerte kollegaer. Ei typisk arbeidsveke vil være variert, og innebere alt frå møter med politisk leiing, møter med andre departement, løpande sakshandsaming og større og mindre utgreiingsoppgåver.
Vi ser etter deg som trivst med ansvar, som likar å kaste deg ut i nye problemstillingar og som ønskjer ein jobb der du faktisk kan gjere ein forskjell.
Kva slags bakgrunn har du?
Du må ha:
- mastergrad i samfunnsvitskap, økonomi eller rettsvitskap med gode resultat
- kunnskap om og interesse for det velferdspolitiske fagområdet og politikkutvikling
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- god forståing for tal og statistikk
- relevant arbeidserfaring frå offentleg forvaltning
Det er ein fordel om du har:
- erfaring frå departement
- erfaring frå utgreiings- og analyseoppgåver
Kven ser vi etter?
- Du er positiv, fleksibel, tar initiativ og har gode samarbeidsevner.
- Du er strukturert, jobbar sjølvstendig og har god gjennomføringsevne.
- Du er analytisk, set deg raskt inn i nye problemstillingar, evner å tenke heilskapleg og bidrar inn i tverrfaglege samanhengar.
- Du trivst med høgt tempo og fleire ballar i lufta på ein gong.
Som medarbeidarar i departementet skal vi vere fagleg engasjerte, ta ansvar, vere gode lagspelarar og utvikle og forbetre.
Kva får du hos oss?
- Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaar. Vi legg vekt på å gje ansvar og tillit, men òg rettleiing i eit godt arbeidsfellesskap.
- Du vil få nærleik til politiske avgjerder.
- Om du blir tilsett som rådgivar eller seniorrådgivar, avheng av kvalifikasjonane dine og erfaringa di.
- Lønn vil ligge mellom 640 000 og 880 000 kroner avhengig av kvalifikasjonane dine. Er du særleg godt kvalifisert til stillinga, kan vi vurdere høgare lønn.
- Som tilsett i staten får du mellom anna fleksitid, sommartid/vintertid og pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse som òg har eit av dei rimelegaste bustadlåna i marknaden.
- Du får også høve til å trene i arbeidstida
Les dette før du søker
- Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin søkar i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.
- Arbeidsspråket er norsk.
Andre vilkår
- Alle søkarar må laste opp vitnemål og attestar. Vi ber om at du bruker vitnemålsportalen til å laste opp vitnemål.
- For å bli tilsett må du kunne bli autorisert for behandling av informasjon gradert AVGRENSA etter tryggingslova.
- Vi bruker Semac bakgrunnssjekk i utvalde rekrutteringsprosessar.
FerdigheterAI-generert
- Forståelse av tall
- Utforme retningslinjer
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for arbeidsmarknadspolitikken, inntektspolitiske spørsmål, arbeidsrett, arbeidsmiljø og sikkerheit, inkluderingspolitikken, pensjonspolitikken og velferdspolitikken.
Departementet forvaltar rundt ein tredel av statsbudsjettet. Vi er om lag 250 tilsette fordelt på sju avdelingar og ei kommunikasjonseining.
Velferdspolitisk avdeling har oppgåver knytt til inntektssikring, levekår og oppfølging av dei som har falle utanfor arbeidslivet på grunn av helsemessige eller sosiale problem.Avdelinga har eit særskilt ansvar for sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og uføretrygd, samt for sosialtenestelova. Avdelinga har også ansvar for ei rekkje andre ordningar i folketrygda, inkludert pleiepengar, grunn- og hjelpestønad og hjelpemiddel. Avdelinga koordinerer departementet sitt arbeid med oppfølging av intensjonsavtalen om eit inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen).
- Sektor: Offentlig
- Sted: Akersgata 64, 0180 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Samfunnsøkonomi, Samfunnsviter
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451526992
- Sist endret
