Ledige stillingar i Slidre kulturbarnehage
Vestre Slidre kommune
- Frist 3.3.2026
I Slidre kulturbarnehage har vi fleire ledige stillingar, både frå mars 2026 og for barnehageåret 2026-2027.
Vestre Slidre kommune er ei attraktiv kommune å bu i, og vi gledar oss over høge barnetal. Difor er det behov for fleire kolleger.
Ynskjer du jobb i barnehagen? Vil du vere med på laget og vidareutvikle vår barnehage? Då håpar vi på ein søknad frå deg!
I søknaden din skriv du kva stilling du søker på.
Vi lyser ut etter:
- Ekstra ressurs som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar, 100% engasjement, frå og med 01.03.2026 til og med 31.12.2026. Med moglegheit for forlenging.
- Fagarbeidarar, 100% fast stilling, og inntil 200 % vikariat.
- Barnehagelærarar, 100% fast stilling, inntil 300 % vikariat.
- Tilkallingsvikarar
Vi oppmodar deg med kompetanse som barnehagelærar og barne- og ungdomsarbeidar til å søke. Vi oppmodar og deg som er under utdanning innan oppvekst, og/ eller har relevant kompetanse og praksis i faget, til å sende oss ein søknad. Det kan og bli ledige stillingar ved eventuelle permisjonar og/eller interne endringar i personalet.
Vi har ei erfaren og kompetent personalgruppe som gjennom god omsorg og tett foreldresamarbeid har som mål å gje kvart enkelt barn ein god dag – kvar dag!
Send ein søknad, bli med på laget!
Arbeidsoppgåver
- Dagleg omsorg for det enkelte barn og barnegruppa.
- Bidra til at barnehagen er ein trygg og god oppvekstarena.
- Bidra til utvikling av det psykososiale miljøet, samt lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa.
- Medansvar for at den pedagogiske verksemda blir drive i samsvar med overordna mål, lover og retningslinjer for barnehageverksemda.
- Bidra til godt foreldre- og personalsamarbeid.
- Kome med innspel til innhald på møter, samt delta aktivt i møta.
- Medverke til at samarbeid på avdelinga, på tvers av avdelingar og barnehagar fungerar optimalt, og - medverke til eit godt psykososialt arbeidsmiljø.
- Medansvar i forhold til rettleiing.
Kvalifikasjonar
Barnehagelærarstillingar, kompetansekrav:
- Bachelor barnehagelærar.
- Anna relevant utdanning kan bli vurdert.
Fagarbeidarstillingar, kompetansekrav:
- Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget.
- Ufaglærte med erfaring kan også bli vurdert.
Personlege eigenskapar
Alle stillingar:
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
- Er ein fleksibel, aktiv og fagleg engasjert vaksen med evne til å begeistre.
- Er genuint oppteken av barns beste, med fokus på tryggheit, omsorg og relasjonsskaping.
- Er påliteleg, positiv og har gode samarbeidsevner- og vilje.
- Har evne til å reflektere over eigen og kollektiv pedagogisk praksis for å skape utvikling og læring.
- Har evne til å søke, kunne ta i mot, og gi veiledning.
- Bidra inn i forhold til kunst, kultur og kreativitet.
- Er glad i å væra i aktivitet og bidra til å bruke det pedagogiske uterommet.
- Beherskar god kommunikasjon, munnleg og skriftleg. Krav til norskkunnskapar minimum A1 og gjerne B1.
- Må beherske PC som verktøy.
- Politiattest må bli levert før oppstart.
Vi tilbyr
- Ein allsidig og spanande jobb!
- Dyktige kollegaer med høg fagleg og relasjonell kompetanse.
- Fortrinnsrett på barnehageplass for eigne barn.
- Fri i jul og påske jfr vedtektene ( avspasering).
- Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Karin Årnes Midthus, Assisterande styrar, 90264433, Karin.arnes.midthus@vestre-slidre.kommune.noKristin Bråten Tvenge, Styrar, 94803824, Kristin.Braten.Tvenge@vestre-slidre.kommune.no
Arbeidsstad
Slidrevegen 162966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 5064492550
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451509347
- Sist endret



