
Bustadkonsulent
Helse Bergen HF
- Frist 27.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Bustadkonsulent
Bustadkontoret i Helse Bergen HF administrerer 300 bueiningar og har tre tilsette. Hovudtyngda av bustadane ligg i Bergen, men vi har og bustadar på Voss og Hagavik. Bustadkontoret sine tilsette har ansvar for utleige, drift og vedlikehald av bustadane. Administrativt er Bustadkontoret ein seksjon under Arealforvaltning i Drift/teknisk divisjon.
Arbeidsoppgåver
- Inngå leigekontraktar og følge opp inn- og utflytting i bustadane
- Bistå leigetakarane når det meldes om feil og manglar i leigetida
- Bistå i oppfølging av bygge- og rehabiliteringsprosjekt i bustadane
- Denne stillinga vil bli tillagt eit særs ansvar for oppfølging av bustadane på Voss
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innanfor eit av byggfaga er ønskeleg men ikkje eit krav
- Gode IKT-kunnskapar
- Erfaring frå tverrfagleg arbeid er ønskeleg
- Erfaring frå eigedomsforvalting er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Løysingsorientert
- God orden
- Like å jobbe både i team og sjølvstendig
- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Påliteleg
- Raus og respektfull i møte med leigetakarar og kollegaer
Vi tilbyr
- Lønn iht gjeldande overeinskomst
- Godt arbeidsmiljø med spennande utfordringar på tvers av fag
- Deltaking på relevante kurs og seminar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Håndtere avreiser innen overnatting
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsbakken 49, 5009 Bergen
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Håndverker, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
boligkonsulent, bustadkonsulent, byggfag
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451454731
- Sist endret

