
Medikament ansvarleg og koordinator
Helse Bergen HF
- Frist 04.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Medikament ansvarleg og koordinator
Ønskjer du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar i eit forskingsmiljø på høgt internasjonalt nivå? Vi lyser no ut ei spennande, nyoppretta stilling der du får vere med å utforme arbeidsdagen din og spele ei sentral rolle i gjennomføringa av kliniske studiar.
Forskingssenteret Neuro-SysMed gjennomfører ei rekkje kliniske behandlingsstudiar innan nevrologiske sjukdommar. Mange av studiane er multisenterstudiar med pasientar både i Bergen og ved andre sjukehus i Noreg, i tett samarbeid med internasjonale partnarar. For desse studiane mottar vi studiemedisinar og kosttilskot frå samarbeidspartnarar i utlandet. Fleire av studiane er blindede, og korrekt strukturert handtering av studiemedisinar er avgjerande for kvaliteten på forskingsdataene som blir samla inn.
Vi ønskjer å styrke arbeidet med handtering og koordinering av studiemedisinar, og lyser derfor ut ei stilling som koordinator med særleg ansvar for logistikk, blinding og oversikt knytt til studiemedisinar. Du vil jobbe tett saman med andre medarbeidarar i eit tverrfagleg miljø prega av høg kompetanse, samarbeid og openheit.
Stillingen er knytt til Neuro-SysMed og gir gode moglegheiter for fagleg utvikling. Du vil lære mykje om kliniske studiar, regelverk og kvalitetsarbeid, og bli kjend med kunnskapsrike og engasjerte fagpersonar som driv forsking på internasjonalt nivå.
Arbeidsoppgåver
Du vil ha eit koordinerande ansvar for handtering av studiemedisinar, i samarbeid med andre involverte medarbeidarar. Arbeidet blir utført etter faste prosedyrar og med dobbeltkontroll, og inneber både ansvar og god støtte gjennom opplæring, rutinar og samarbeid.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna omfatte:
- Mottak, kontroll og registrering av studiemedisinar
- Pakking, blinding og dobbeltkontroll av studiemedisinar i KIT i tråd med etablerte prosedyrar
- Handtering av konfidensiell informasjon, inkludert kontroll av kodar, innhald og dokumentasjon
- Kontaktpunkt for legemiddelfirmaer vi samarbeider med i våre studier og koordinasjon av studiemedisin pakking, merking, og forsendelse til vårt senter
- Utsending av studiemedisinar til interne og eksterne studiesenter, samt oppfølging av bestillingar
- Kontaktpunkt for studiesenter og interne samarbeidspartnarar ved spørsmål knytt til studiemedisinar
- Ansvar for totalbehaldning og bestilling av studiemedisinar frå leverandørar
- Delta i koordinering av kliniske studiar og andre oppgåver ved Neuro-SysMed
- Bidra til at studiar blir gjennomført i tråd med plan, protokoll, godkjenningar og GCP
- Samarbeid med andre sjukehus om avtalar, økonomi og gjennomføring av nasjonale og internasjonale studiar
- Bidra i arbeid med søknadar til REK, CTIS, personvernombod og andre relevante instansar
Arbeidet krev nøyaktigheit og tolmod, men du vil få grundig opplæring og jobbe både sjølvstendig og tett saman med andre. Stillinga gjev også moglegheit til å lære mykje om kliniske studiar og jobbe i eit tverrfaglig forskningsmiljø på høgt nivå.
Kvalifikasjonar
- Gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Komfortabel med PC-basert arbeid og bruk av Excel, Word og Outlook
- Relevant erfaring frå forsking, helse, sjukehus, apotek, logistikk eller tilsvarande er ein fordel, men ikkje eit krav
Ønskt, men ikkje naudsynt
- Erfaring frå kliniske studiar eller forskingsprosjekt
- Erfaring med koordinering, dokumentasjon og kvalitetsarbeid
- Klinisk bakgrunn eller annan forskingserfaring
- Kjennskap til handtering av studiemedisinar
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Er nøye og detaljorientert
- Trivst med struktur, sjekklister og systematisk arbeid
- Er ansvarsbevisst og påliteleg, og følgjer opp oppgåver til dei er fullførte
- Tek gjennomtenkte val, men er komfortabel med å spørje og avklare ved tvil
- Forstår viktigheita av arbeidet som blir utført, og er trygg på å melde frå dersom noko ikkje stemmer
- Er fleksibel, tilpassingsdyktig og open for å lære nye oppgåver
- Har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med andre
Særleg viktig for oss er ansvarskjensle, ærlegdom og tryggleik i rolla.
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling
- Omfattande opplæring
- Gode velferdsordninga
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Bruke regnearkprogramvare
- Logistikk
- Microsoft Outlook
- Microsoft Word
- Oppbevaring av medisiner
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Jonas Lies vei 71, 5053 Bergen
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Apotektekniker, Koordinering
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
Koordinator, Forskning, Medisin, Apotekteknikker
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451454012
- Sist endret
