Avdelingsleder
Vågå Kommune
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar – Miljøterapitenesta i Vågå kommune
Vil du vere med å leie og forme framtidas miljøterapiteneste i Vågå?
I Vågå kommune søkjer vi no etter ein engasjert og fagleg sterk leiar til Miljøterapitenesta i 100 % fast stilling.
Eitt team – to avdelingsleiarar og tenesteleiar.
Vi ønskjer å styrkje leiinga i tenesta, og søkjer no etter ein ny avdelingsleiar. Saman med eksisterande avdelingsleiar og tenesteleiar skal ein danne eit tett og velfungerande leiingsteam med felles fokus på drift, personalansvar og utvikling.
Stillinga er organisert under tenesteleiar som har eit overordna ansvar for tenesta.
Fordeling av arbeidsoppgåver vil bli gjort ut frå kompetanse, interesse og behov – og det er rom for både deg som er opptatt av struktur og dagleg drift, og deg som ønskjer å bidra i faglege utviklingsprosessar.
Om Miljøterapitenesta
Miljøterapitenesta i Vågå gir tenester til menneske med utviklingshemming. Vi arbeider med målretta miljøarbeid og ønsker at brukarane skal oppleve meistring, trivsel og tryggleik i kvardagen.
Fagleg kvalitet, medverknad og godt arbeidsmiljø er kjerneverdiar for oss. Vi skal vere ei utviklande teneste – både for brukarane og for dei tilsette.
Arbeidsoppgåver:
Drift, personalansvar og økonomioppfølging.
Fagleg leiing og rettleiing.
Opplæring og utvikling av rutinar og prosedyrar.
Ansvar for journalsystemet (Profil) og internkontrollsystemet (Compilo).
Kvalitetssikring og rapportering.
Kompetanseplanlegging og fagleg utvikling i avdelinga.
Sikre brukarmedverknad og tverrfagleg samarbeid.
Møteverksemd og leiing av personalmøte.
Sjå til at lover, forskrifter og interne føringar blir følgde.
Lede og utvikle tenesta.
Vi ser etter deg som har:
bachelor innan helse- og sosialfag – t.d. vernepleiar, sjukepleiar eller anna relevant bachelorgrad
- Søkjarar med autorisasjon som helsefagarbeidar med relevant vidareutdanning vert òg oppmoda til å søkje.
erfaring frå leiing og liknande arbeidsoppgåver er ein fordel
erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming er ein fordel.
gode digitale ferdigheiter.
kjennskap til relevant lov- og avtaleverk.
god formidlingsevne, du kommuniserer klart og forståeleg på norsk, både skriftleg og munnleg.
Som person er du:
Engasjert og initiativrik
Tydeleg og innehar ein trygg leiarstil med fokus på godt arbeidsmiljø og høg etisk bevisstheit
God på samarbeid
Fleksibel og løysingsorientert
Strukturert og har gjennomføringsevne
Reflektert og fagleg dyktig med fokus på kvalitet
Personlegeeigenskapar blir tillagt avgjerande vekt.
Ved tilsetting vil vi krevje godkjent politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar.
Vi tilbyr deg:
Ei meiningsfull leiarstilling i eit viktig fagfelt.
Moglegheit for å forme og påverke ei teneste i utvikling.
Tett samarbeid i eit leiingsteam.
Kompetente og engasjerte kollegaer.
Lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsvilkår gjennom KLP.
Kommunen kan vera behjelpeleg med å skaffe til vege mellombels bustad for deg som ikkje kan dagpendle.
Referansar vil bli innhenta, og aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.
Ferdigheter
- Digitale ferdigheter
- Internkontroll
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Kvalitetssikring
- Profil Elektronisk journalføring
- Rapportering
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Vi meiner at det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode fiske- og jaktmoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor, På kontoret
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
miljøterapi, fagleg leiing, vågå kommune, avdelingsleiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451371828
- Sist endret