Rådgjevar
Vestland fylkeskommune
- Frist 2.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar/digital forretningsutviklar
Skyss sitt transporttilbod påverkar titusenvis av reisande kvar einaste dag. Vil du bli ein del av det tverrfaglege teamet vårt?
Vi søker ein digital forretningsutviklar som kombinerer sterk gjennomføringsevne med evna til å skape samspel mellom menneske, prosess og teknologi. Du vil få ei nøkkelrolle i å leie endringsinitiativ, rydde i komplekse løysingar og sørge for at nye digitale løysingar faktisk blir tekne i bruk, med gevinstar både for dei reisande og for Skyss.
Rolla passar for deg som trivst i spennet mellom strategi og praktisk gjennomføring. Du kan omsette forretningsbehov til tydelege prioriteringar, krav og leveransar, og du har teft for kva som må til for å få endring til å sitte i ein kompleks organisasjon.
Som digital forretningsutviklar får du ansvar for å leie og drive fram endrings- og utviklingsarbeid knytt til innføring av nye løysingar. Du vil få ei sentral rolle i å ta i bruk nye løysingar frå utviklingsselskapet vårt Tet Digital AS, og i å forenkle og rydde i systemlandskapet.
Samtidig skal du også støtte Skyss i strategisk arbeid i Skyss og i samarbeid med andre kollektivselskap.
Arbeidsoppgåver
Typiske arbeidsoppgåver vil vere å
leie prosjekt og endringsløp, der du får ansvar for god styring, plan, risiko- og avhengnadsoversikt og i å ta tak i problemstillingar tidleg
legge til rette for tverrfaglege prosessar og skape felles situasjonsforståing
sikre forankring hos leiarar og nøkkelpersonar og få med fagmiljøa i endringar
bidra til standardisering og effektivisering av arbeidsprosessar for å gi kvalitets- og produktivitetsgevinstar
bistå inn i strategisk arbeid
Kvalifikasjonar
Høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande frå relevante fagområde (teknologi, design, økonomi, samfunnsfag, juss eller liknande)
God forståing for samspelet mellom forretningsbehov og teknologi, og evne til å omsette behov til konkrete leveransar
Gjerne erfaring med prosjektleiing, endringsleiing eller produkt-/tenesteutvikling
Gjerne erfaring frå kollektiv-/mobilitetsbransjen eller liknande, men ikkje eit krav
Kjennskap til digitale løysingar og plattformer, og evne til å snakke forståeleg med både forretning og teknologar.
Du passar inn hos oss om du
liker kompleksitet og framdrift
trivst i krysspress og får til involvering
kombinerer struktur med pragmatisme
Personlege eigenskapar
God munnleg og skriftleg formidlingsevne
Evne til å skape tillit hos både interne og eksterne partnarar
Motiverer andre, tar initiativ og liker å drive prosessar framover på ein strukturert måte
Kan kommunisere og argumentere strukturert og datainformert og gjere komplekse problemstillingar enkle å forstå
Trivst med tverrfagleg arbeid og med å vere bindeledd mellom forretning, teknologi, operatørselskap og eigarar
Ser heilskap og samanhengar, men kan òg gå i detalj når det trengst for å sikre kvalitet i avtalar og løysingar
Er sjølvgåande, ansvarleg og ein pådrivar for at ting faktisk blir gjennomført
Vi tilbyr
Ei fagleg utfordrande, meiningsfull og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
Eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer og tett samarbeid på tvers av fagområde
Moglegheit for fagleg utvikling
Fleksibel arbeidstidsordning og høve til noko heimekontor etter avtale
Løn etter avtale
Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Arbeidsstad i Bergen, Førde eller Leikanger
Andre opplysningar:
Noko reiseverksemd må påreknast
Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder
Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bede om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
FerdigheterAI-generert
- Digital platform
- Digitale ferdigheter
- Forretningsstrategi
- Kunnskap om teknologi
- Produktutvikling
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Om Skyss
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.
Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 5,7 milliardar kroner.
Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Kontor og administrasjon, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
skyss, kollektivtransport, samferdsel, infrastruktur, forretningsutvikler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451308312
- Sist endret

