
Miljøfagarbeidar, stillingskode 6684/4167, særskilt tilrettelagt avdeling
Vestland fylkeskommune
- Frist 22.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Miljøarbeidar, stillingskode 6684/4167, særskilt tilrettelagt avdeling
Åsane vidaregåande skule flytta inn i nye lokale august 2020. Lokala ligg sentralt plasserte mellom Åsane senter og Horisont. Skulen er samlokalisert med offentleg bibliotek, tannhelseteneste, rettleiingsteneste og Åsane og Arna kulturkontor. Ved oppstart august 2026 har vi tilbod til ordinære elevar, deltakarar i vaksenopplæringa, lærlingar og deltakarar i fengselsundervisninga. Vi tilbyr opplæring innan helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon, elektrofag, byggfag, sal, service og reiseliv, idrettsfag og påbygg til generell studiekompetanse, i tillegg til opplæring i små grupper for elevar med særskilde behov.
Skulen arbeider ut frå visjonen «sammen gjør vi hverandre gode» og vårt mål er at våre elevar gjennom daglege trivsels- og meistringsopplevingar skal oppnå økt motivasjon og lærelyst, slik at dei er best mogleg førebudd for livet vidare.
Stillingane er på tilrettelagt avdeling for elevar med særskilte behov (HTH - Kvardagslivstrening), der elevane får individuell tilrettelagt opplæring i lita gruppe etter individuell opplæringsplan (IOP).
Under føresetnad om endeleg vedtak i Vestland Fylkeskommune om utviding av tilbodet er det ledig inn til 14 faste stillingar som miljøarbeidar i 80-100 % i fast stilling, gjeldande frå 1. august 2026.
Menn vert oppfordra om å søkje.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer engasjerte og fagleg trygge miljøarbeidarar til ei spesialpedagogisk avdeling for elevar med samansette og omfattande behov, mellom anna utviklingshemming, autismespekterforstyrringar og store kommunikasjons- og reguleringsutfordringar.
Avdelinga er i utvikling og utviding, og vi ønskjer medarbeidarar som forstår at kvaliteten i den vaksne sin praksis er avgjerande for elevane si meistring, tryggleik og utvikling.
Våre elevar har svært ulike føresetnader for deltaking og læring. For mange er kvardagsfungering og utvikling tett knytt til:
- trygge relasjonar.
- føreseielege rammer.
- rolege og regulerte vaksne.
- god tilrettelegging i situasjonen.
Arbeidet inneber tett samspel mellom opplæring, omsorg og helsefaglege oppgåver. Vi er tydelege på at dette er eit opplæringsmiljø, der miljøarbeidarar spelar ei heilt sentral rolle i gjennomføringa av det pedagogiske arbeidet.
Som miljøarbeidar hjå oss vil du mellom anna:
- arbeide tett med elevar i kvardags- og opplæringssituasjonar.
- bidra aktivt i gjennomføring av mål og tiltak i IOP.
- støtte elevar i kommunikasjon, samhandling, aktivitet og medverknad.
- bidra til tryggleik, regulering og struktur i kvardagen.
- delta i stell, pleie, forflytting, måltid og ADL-aktivitetar.
- samarbeide tett med lærarar, helsefagleg personale og leiing.
- vere ein aktiv deltakar i fagleg refleksjons- og utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som:
- har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar eller liknande utdanning med fagbrev.
- har interesse for, og helst erfaring frå arbeid med elevar med utviklingshemming, multifunksjonshemming og store og samansette behov.
- forstår at elevens meistring oftast er situasjons- og relasjonsavhengig.
- er roleg, tydeleg og trygg i møte med krevjande situasjonar.
- evnar å halde fokus over tid og arbeide systematisk.
- trivst i lagarbeid og tek rettleiing på ein profesjonell måte.
- er lærevillig og open for fagleg utvikling.
Personlege eigenskapar
Vi legg avgjerande vekt på personlege eigenskapar, og ser etter deg som:
- er oppmerksam og fokusert på eleven.
- er lyttande, raus og samarbeidsorientert.
- har gode reguleringsevner.
- møter elevar med respekt, tolmod og verdigheit.
- forstår eigen rolle i eit større fagleg system.
- ønskjer å bidra til eit trygt og utviklande miljø – også når arbeidet er krevjande.
Vi tilbyr
- arbeid i ei fagleg sterk og tverrfagleg avdeling med lang erfaring med elevgruppa.- tett samarbeid mellom miljøarbeidarar, lærarar og avdelingsleiar.
- rettleiing og støtte i krevjande situasjonar.
- moglegheit til å vere med og utvikle praksis og felles fagleg språk
- eit arbeidsmiljø med vekt på tryggleik, samarbeid og profesjonalitet.
FerdigheterAI-generert
- Barne- og ungdomsarbeiderfag (AMO)
- Pleie og omsorgsarbeid
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 14
- Sted: Åsane Senter 52, 5116 Ulset
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barne- og ungdomsarbeider, Skoleassistent
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Miljøfagarbeider, barne- og ungdomsarbeider, skoleassistent, assistent
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451072134
- Sist endret
