Fast 63 % stilling som vaken nattevakt
Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester
- Frist 02.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Fast 63 % stilling som vaken nattevakt
Vil du ha ein meiningsfull jobb der du gjer ein reell forskjell for menneske i sårbare livssituasjonar? Vi søkjer ein trygg og engasjert nattevakt til døgnbemanna bustadtiltak for rusavhengige med 16 leilegheiter.
Om arbeidsgivaren
Bjørnafjorden kommune har over 26 000 innbyggjarar og rundt 1 800 tilsette. Vi er ein nær og inkluderande kommune med visjonen: «Det gode liv for alle». Som medarbeidar hos oss bidreg du til viktige samfunnsoppgåver som gjer ein forskjell for både innbyggjarar og lokalsamfunnet.
Avdeling Miljø og aktivitet tilbyr ambulerande helsehjelp, oppfølging i eigen bustad og ulike tenester tilmenneske med samansette behov. Du blir ein del av eit fagmiljø som gir oppfølging til personar med rus- og psykiske helseutfordringar, med fokus på meistring, tryggleik og livskvalitet.
Om stillinga
63,64 % fast stilling
Vaken nattevakt i turnus
Arbeid kvar tredje helg
Vakttid: 22:0007:30
For tida knytt til avdelingMiljø & aktivitet Vartun oppfølgingsteneste, Industrivegen 8, 5210 Os.
Du blir ein del av eit fagmiljø som gir oppfølging til personar med rus- og psykiske helseutfordringar, med fokus på meistring, tryggleik og livskvalitet.
Arbeidsoppgåver
Sikre ro, tryggleik og oppfølging gjennom natta
Yte fagleg forsvarlege tenester til bebuarar samt inngå som kollegastøtte for Bufellesskap Psykisk helse.
Leggje til rette for livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging
Bidra til godt samarbeid og arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Relevant helse-/omsorgsutdanning
Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Du er sjølvstendig og fungerer godt i tverrfagleg samarbeid
Trygg og tydeleg i møte med menneske
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Gode relasjonelle ferdigheiter
Personleg eignaheit blir tillagt stor vekt
Vi tilbyr
Eit sterkt fagmiljø og godt arbeidsmiljø
Faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
Lønn etter gjeldande avtaleverk
For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Ein jobb med meining der du gjer ein forskjell
Politiattest krevst før tilsetjing.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etterutløptsøknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersomanordningaikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri besøkjarom å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg, Miljøtjenester
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell, Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
vaken, nattevakt, psykisk, helse, rus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450904446
- Sist endret

