Sjukepleiar/Vernepleiar Gotatoppen
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
- Frist 8.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊 Vi har ei spennande stilling ledig innan demensomsorg og alderspsykiatri.
Vi søkjer etter engasjerte og dyktige sjukepleiarar/vernepleiarar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit.
Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen - med åtte brukarar på kvar avdeling.
Gjennom metoden VIPS har ein implentert personsentrert omsorg i avdelingane.
Vi har ledig ei fast stilling i 100 % som sjukepleiar/vernepleiar, anna stillingsprosent er og aktuelt. Tilsetting frå 10.08.26, eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Ein har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling, etter gjeldande retningslinjer og prosedyre. Vi har starta arbeidet med TØRN der vi har endra arbeidsoppgåver for sjukepleiar.
- hjelpe og tilrettelegge for at dei som bur der får utført sine daglege gjeremål
- legemiddelhandtering
- sjukepleiarfaglege oppgåver
- dokumentasjon
- tverrfagleg samarbeid
- rettleie studentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som
- held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderpsykiatri
- evner å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert
- har evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte
Vi tilbyr
- Varierte og lærerike arbeidskvardagar
- Gode kollegaer, eit godt og stabilt arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling med tilbod om aktuell vidareutdanning
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- Stilling organisert i årsturnus
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Skriv i søknaden om du ønskjer fast stilling eller vikariat.
Kontaktinformasjon
Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818Andrea Kandal, Avdelingsleiar Gotatoppen, 949 89 709
Arbeidsstad
Grandavegen6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5078959889
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450871155
- Sist endret