Sjukepleierstilling i Heimetenesta
Austrheim kommune
- Frist 28.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Me har ledig 80 % stilling på dag/kveld med arbeid 4. kvar helg. I Heimetenesta arbeidar alle langvakter på helg, noko som er spennande og framtidsretta. Frå desember 2026 skal vi starte med årsturnus, der ein og ser på det å arbeida langvakter på helg utover 12,5 time.
Heimetenesta er organisert i ei sone, med oppmøtestad i underetasjen på Nordliheimen sjukeheim. Me nyttar idag Visma Profil, men vi er no godt i gang med implementering av nytt fagsystem Visma Flyt Helse.
Digitalisering og bruk at ny teknologi er viktige satsningar for framtida i Austrheim. Som sjukepleiar er du ein del av eit tverrfagleg team som er oppteken av kvalitet og fagutvikling. Det tverrfaglege samarbeidet er godt forankra som eit ledd i helse- og omsorgstenesta sitt arbeid med kvalitetsforbetring.
Me samarbeidar på tvers av einingane innan pleie- og omsorg, for å effektivisere og sikre forsvarleg drift i vår kommune.
Arbeidsoppgåver
- Pasientretta arbeid knytt til pleie, omsorg og behandling for dei som bur i eigen heim
- Samarbeid med pasient, pårørende og kollegaer
- Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
- Vere med å videreutvikle digitalisering av tenestene og utvikling av velferdsteknologi i kommunen
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert sjukepleiar
- Førerkort klasse B
- Gode norskkunnskaper, skriftleg og munnleg - krav om bestått B2 norsk eksamen dersom norsk ikkje er morsmål.
Kven ser vi etter?
Me ser etter deg som trivst med å arbeide med menneske med ulike behov for støtte og oppfølging. Du tek ansvar, møter utfordringar med ro og tryggleik, og opptrer profesjonelt i alle situasjonar. Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Du set trivsel, kvalitet og godt samarbeid høgt. Samstundes arbeider du sjølvstendig og strukturert, og er ein positiv og påliteleg lagspelar. Du har gode samarbeidsevner og eit løysingsorientert blikk, og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø.
Me tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Moglegheit for vidareutdanning - blir vurdert individuelt i kvar eining
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Austrheimmodellen
- Årsturnus frå veke 49 i 2026
Heim til Austrheim
Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=kr1ltgViNDIAnnonseinformasjon
- FINN-kode 450860762
- Sist endret
