Rådgjevar/seniorrådgjevar ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Universitetet i Bergen
- Frist 08.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar/seniorrådgjevar ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig ei spennande og utfordrande stilling som studiekoordinator/stadfortredar (100 % rådgjevar/seniorrådgjevar) med tilsetjing frå 1. mai 2026. Stillinga inneber overordna ansvar og drift av studieporteføljen ved instituttet, i tillegg til å vere stadfortredar og støtte for administrasjonssjef ved behov.
IGS har ansvaret for fire masterprogram, i tillegg til mange enkeltemne i både eigne studieprogram og inn mot alle studieprogram ved Det medisinske fakultet, inkludert medisinstudiet. Stillinga krev gode ferdigheiter i digitale verktøy av ulike slag, og evne til å vere god støtte og samarbeidspartnar for vitskaplege kollegar i utdanningsspørsmål.
Instituttet og stillinga er lokalisert i Alrek Helseklynge. Eit av UiB sine satsingsområde er desentral medisinutdanning (Vestlandslegen) og IGS har også tilsette med arbeidsstad i Stavanger og Førde, og på sikt i Haugesund. Stillinga høyrer organisatorisk til administrasjonen ved IGS, og har administrasjonssjef som næraste leiar.
Arbeidsoppgåver:
- Fagleg koordineringsansvar for studieadministrasjonen, dagleg drift og overordna administrative funksjonar innan studieadministrasjonen (inkludert oppfølging og medarbeidarsamtalar mm)
- Ansvar for utvikling, iverksetting og oppfølging av administrative prosedyrar og rutinar i studieområdet
- Saksbehandlings-, utviklings- og utgreiingsoppgåver
- Gje innspel til undervisningsbudsjettet (økonomioversikt)
- Delta i strategiarbeid og utvikling av studieporteføljen
- Omstillingsoppgåver
- Bistå administrasjonssjef i leiing av IGS-administrasjonen og fungere som stadfortredar ved behov. Dette inkluderer generelle administrative godkjenningar, ha personalansvar for studieadministrasjon, samarbeid med instituttleiar og å representere IGS i administrative saker ved fakultetet
- Samhandling med fakultetsadministrasjonen og dei andre institutta ved Det medisinske fakultet i studiesaker
- Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha relevant mastergrad og helst spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
- Relevant administrativ erfaring med høg grad av fagleg sjølvstende
- Leiarerfaring
- Gode digitale ferdigheiter
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer og engelsk
Vi søkjer ein person som
- er positiv, har gode leiarevner og stor arbeidskapasitet
- trivs med å vera ein som held hjula i gang og har glede av å lukkast saman med andre
- har evne til å involvere og motivere, og som finn motivasjon av at medarbeidarar og fagmiljøa lukkast
- er strukturert og har gode planleggingsevner
- har stor grad av sjølvstende og er løysingsorientert
- har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
- har evne til og har interesse for å tileigne seg nye ferdigheiter
- ønskjer å arbeide med administrasjon som støttar utdanning og innovasjon i utdanning
- likar å jobbe i eit travelt miljø med stort spenn i arbeidsoppgåver
- Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering
- Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn som rådgjevar (kode 1434) er for tida 625 000 - 665 000. Løn som seniorrådgjevar (kode 1364) er for tida 695 000 - 745 000. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/)
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til studiekoordinator Kirsti Nordstrand, e-post: kirsti.nordstrand@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
FerdigheterAI-generert
- Akademisk ledelse
- Digitale ferdigheter
- Ledelse av administrative aktiviteter
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Årstadveien 17, 5018 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450849828
- Sist endret


