
Assistent til faste helgestillinger Lokal Sikkerhet Rehabilitering
Helse Bergen HF
- Frist 01.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Assistent til faste helgestillingar Lokal Sikkerheit Rehabilitering
Vil du vere med og utvikle eit nytt behandlingstilbod innan psykisk helsevern?
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerer ei ny, lukka sengepost med åtte plassar i Sandviken-området. Dette er første steg i utviklinga av Nye Sandviken – eit langsiktig arbeid for å styrkje behandlingstilbodet til pasientar med alvorlege psykiske lidingar og samansette behov.
Sengeposten vil ha ansvar for pasientar i eit sikkerheitspsykiatrisk behandlingsforløp som treng stabilisering, struktur og rehabilitering i eit trygt og spesialisert miljø. Vi søker no engasjerte medarbeidarar til faste helgestillingar som ønsker å bidra til å utvikle eit nytt og framtidsretta behandlingstilbod.
Turnus vil i hovudsak vere organisert med seinvakt fredagar og langvaktar laurdag og sundag. Helgerotasjon kvar fjerde helg, men med noko høgare helgebelastning sommar. Det er ønskeleg med tiltreding i starten av juni 2026.
Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk arbeid
- Observere og dokumentere
- Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grensar for kvar enkelt pasient
- Praktiske oppgåver
- Oppfølging av pasientar med fokus på aktivisering og daglege gjeremål
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg særs godt
- Bør vere student innan helse -og sosialfagleg utdanning
- Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon
- Ved tiltredning må gyldig politiattest leggast fram
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta
- Strukturert
- Pasientorientert
- Ha respekt for kvar enkelt pasient og pårørande
- Ha evne til å arbeide tverrfagleg og i team
- Trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Etterspør rettleiing
Vi tilbyr
- Å vere med og forme eit nytt behandlingstilbod frå starten
- Eit spennande og fagleg miljø der folk trivst på jobb
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Arbeidsstad i Sandvikenområdet – Nye Sandviken
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Dokumentering og registrering av informasjon
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Assistent, Helgestilling, Psykiatri, Sikkerhetspsykiatri, Miljøarbeider
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450844525
- Sist endret

