Sjukepleiar
Helse Fonna HF
- Frist 26.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar - fast heiltid
No har vi fleire faste sjukepleiarstillingar ledige ved Stord sjukehus. Skriv gjerne i søknaden kva stilling du føretrekkjer.
Vi har 2 ledige kombinerte stillingar mellom Dialysen og Medisinsk sengepost, 50% ved kvar eining. Stillingane har todelt turnus og arbeid kvar tredje helg:
Ved dialysen blir du ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement – og kollegaer som ser kvarandre og stiller opp når det trengst.
Vi behandler pasientar med kronisk nyresvikt - ei spennande pasientgruppe med samansatte behov. Som sjukepleiar hos oss får du følgje pasientar gjennom sårbare og krevjande forløp, og du får tid og rom til å bli trygg i det spesialiserte fagfeltet.
Dialyseavdelinga har 6 behandlingsplassar for hemodialyse (HD), og pasientbehandlinga foregår per i dag på dag og kveld mandag, onsdag og fredag.
Ved medisinsk sengepost jobbar vi tett saman, både fagleg og menneskeleg, og har pasientar med både hjarte-, lunge- og gastro- og nyrelidingar – i tillegg til eit breitt spekter av andre medisinske diagnosar. Det gir ein kvardag med mykje ansvar, stor variasjon og god utvikling – saman med flinke og rause kollegaer.
Medisinsk sengepost - Hjerte lunge gastro er ein avdeling med 24 sengeplasser. Her er det døgnkontinuerleg drift med både elektive og øyeblikkelig-hjelp innleggingar.
Vi har òg 4 ledige stillingar som sjukepleiar ved Medisinsk sengepost hjarte/lunge/gastro.
Turnus? Den finn vi ut av saman.
Medisinsk avdeling er i ein endringsprosess med samanslåing av to medisinske sengepostar. Fram til samanslåinga kan arbeidsstaden bli endra mellom dei to einingane.
Er du ny? Null stress – vi tek godt imot deg og sørgjer for god opplæring og støtte frå dag éin. Opplæring og fagleg utvikling er ein naturleg del av jobben. For å gi deg ei trygg og god oppstart, tilbyr vi opplæringsvakter i forkant. Difor ønskjer vi at du kan starte så snart det passar for deg – men vi er fleksible og finn ei løysing saman.
Kva går jobben ut på?
- Hemodialysebehandling, oppfølging og rettleiing til kronisk nyresviktpasientar.
- Praktiske og administrative sykepleieroppgåver i avdelinga.
- Bidra til å byggje god kultur og arbeidsmiljø.
- Bidra til fagutvikling- og kontinuerlig forbetringsarbeid i avdelinga.
- Fremme og tilrettelegge for tverrfaglig samarbeid i eigen avdeling, samt i grensesnitt mot andre avdelingar.
- Sjukepleie til pasientar ved medisinsk sengepost, inkludert kvar 3. helg Du vil då jobbe med pasientar innan hjarte-, lunge-, gastro- og nyrelidingar – ofte med komplekse og alvorlege sjukdommar. Det betyr at sjukepleiefaget får stort rom, og at du får brukt både hovudet og hjartet.
- Du vil ha ansvar for oppfølging og behandling av pasientar i tett samarbeid med kollegaer og andre faggrupper.
- Dokumentasjon, kontakt med pårørande og bidrag til fagleg utvikling er òg ein naturleg del av jobben.
Vi jobbar i tverrfaglege team, støttar kvarandre – og blir stadig betre på å stå saman.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Erfaring frå dialyseavdeling er ønskeleg, men ikkje påkrevd.
- Gode tekniske og systematiske ferdigheiter og grunnleggjande datakunnskaper.
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- har struktur og fokus på nøyaktighet i det du gjer
- er oppteken av å skape gode møte med både pasientar og kollegaer
- tek initiativ og er ikkje redd for å gripe nye utfordringar
- trivst med å samarbeide på tvers av fag og yrkesgrupper
- stiller opp og gjer det som trengst – også når det hastar
- er god til å sjå mennesket bak sjukdommen
- er med på å skape eit trygt og støttande arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
- høgt fagleg nivå og kollegaer som deler kunnskap
- moglegheit for både fagleg og personleg utvikling
- ein arbeidsplass som er IA-bedrift og legg til rette ved behov
Dersom du har fortrinnsrett til stilling, må du gi beskjed om dette i søknaden.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Dokumentasjon
- Norsk
- Pasientbehandling
- Pleie og omsorgsarbeid
- Tekniske egenskaper
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 6
- Sted: Tysevegen 64, 5416 Stord
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
fast stilling, dialyse, medisinsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450790448
- Sist endret