Sommarjobb
Avdeling park/grøntanlegg
- Frist 8.3.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vil du gjera ein viktig forskjell for innbyggjarar og turistar som besøkjer Kvam!
Søk jobb sommarjobb hos oss.
Avdeling for park og grøntanlegg søkjer sesongarbeidarar for 2026. Du vil få ein variert arbeidsdag med stell og luking av bed, grasslått og generelt grøntarbeid på våre kommunale uteområde. I denne jobben får du heile kommunen som arbeidsplass og må derfor ha førarkort for bil.
Hovudsesongen varer frå mai til ut august 2026. Du må skriva i søknaden kva tidsrom du kan arbeida. Me prioriterer dei som kan arbeida over ein lengre periode.
Arbeidsoppgåver
- Stell og vedlikehald av kommunale park og grøntområde, samt bosstømming
- Bidra til ryddige og velstelte kommunale grøntområde, strender og andre turistanlegg
- Arbeidet kan innebera noko kveld- og helgearbeid
Kvalifikasjonar
- Du må vera fylt 18 år
- Førarkort kl. B er eit krav. Klasse BE (tilhengjar) er ei føremon
- Du må kunna arbeida sjølvstendig
- Erfaring frå liknande arbeid er ei føremon, men du får god opplæring
Personlege eigenskapar
Me ønskjer oss søkjarar med godt humør og ser etter deg som:
- kan ta i eit tak og likar utearbeid
- er fleksibel og samarbeidsvillig
- er serviceinnstilt og engasjert og ser etter gode løysingar
Me tilbyr
- Ein sommarjobb der du får ein variert arbeidsdag med ulike oppgåver i heile kommunen
- Du blir godt kjent i kommunen og får jobba i team
- Du får verdifull arbeidserfaring
- Løn etter sentral tariffavtale
Generell informasjon:
Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Kontaktinformasjon
Henning Huse, Heradsgartnar, +47 95217740, henhus@kvam.kommune.noArbeidsstad
5600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 5068705478
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 08.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450761605
- Sist endret