Helsefagarbeidar 80% stilling
Tenester til menneske med utviklingshemming
- Frist 8.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du engasjert, initiativrik og trygg? Då kan du vera den me søkjer etter.
I bufellesskap Øystese har me ledig:
- 1 stilling som miljøarbeidar frå 01.05.2026 i 80 % stilling
- Stillinga er for tida med arbeid i todelt turnus der dei fleste vaktene er seinvakter og med arbeid 3. kvar helg.
Me ønskjer å bidra til at:
- Tenestemottakarane kan oppretthalda god livskvalitet
- Ha gode relasjonar til dei rundt seg
- Ta del i meiningsfullt arbeid og aktivitet
Bufellesskap Øystese har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar. Gruppa gjev teneste til personar i 4 ulike bufellesskap samt ambulerande uterute. Saman skal me gje bebuarane våre den beste plass å vera. Du vil møta mottakarane i alle aspekt av livet; på jobb, skule og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av kvar enkelt bebuar sitt behov for hjelp og omsorg
- Ta del i dagleg drift av bufellesskap og heimetenester til menneske med utviklingshemming
- Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat
- Legemiddelhandtering
- Primærkontaktansvar
- Bidra i målretta miljøarbeid og dokumentasjon
Kvalifikasjonar
Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Ønskjeleg med relevant erfaring innan fagfeltet
- Førerkort klasse B
- Vera ein solid fagperson som bidreg til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (tilsvarande B1)
- Lærlingar som brenn for dette feltet og får autorisasjon i 2026 oppmodast også til å søkja.
- Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Personlege eigenskapar
Me ynskjer oss deg som har:
- gode relasjons- og kommunikasjonsevner
- evne til arbeida med målretta miljøarbeid, er systematisk og ryddig som person
- gjennomføringsevne og vilje til jobba aktivt i forhold til å fremja sjølvbestemming og meistring hjå brukar
- gode haldningar, god lagspelar og kollega
Me tilbyr
- Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt og inkluderande fagmiljø
- Tverrfagleg samarbeid
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak.
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Ester Aalvik Hauger, Leiar bufellesskap Øystese, +47 906 41 401Arbeidsstad
Skårdalsvegen 225610 Øystese
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 5079139400
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450758217
- Sist endret