seniorrådgjevar/rådgjevar
Stortinget
- Frist 02.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med på å utvikle informasjonsforvaltninga i ein av dei viktigaste samfunnsinstitusjonane i landet?
Vi søkjer ein initiativrik rådgjevar som trivst i skjeringspunktet mellom teknologi, fagutvikling og organisasjon – og som vil bidra til trygg og moderne forvaltning av informasjon.
Stortingets administrasjon styrker satsinga på informasjonsforvaltning, og oppretter no ei ny stilling for fagområdet. Vi søkjer deg som vil vere med og utvikle ei heilskapleg, moderne og sikker forvaltning av informasjon i ei verksemd med eit heilt særskild samfunnsoppdrag.
Arbeidsoppgåver
Stortingsarkivet er i ei særstilling som eit uavhengig offentleg arkiv i Noreg, og fastset i stor grad eigne reglar og utviklar eigne praksisar og løysingar. Vi bruker ein frittståande arkivkjerne i kombinasjon med sakshandsamarløysingar i M365 som stadig vert utvikla. Vi utvidar no perspektivet frå dokumentasjonsforvaltning og arkiv til å satse sterkare på tverrfagleg samarbeid om informasjonsforvaltning. Dette er eit godt høve til å vere med og forme informasjons- og dokumentasjonsforvaltninga på Stortinget.
Stillinga kombinerer strategisk arbeid, operative oppgåver, fagleg utviklingsarbeid og tverrfagleg samarbeid. Du vil arbeide tett med fagkoordinator for informasjonsforvaltning og delta aktivt i vår faggruppe. Du blir ein sentral pådrivar for å vidareutvikle Stortingets metodar, prosessar og digitale løysingar. Til stillinga ligg også noko arbeid med dagleg arkivdrift.
Arbeidsoppgåver:
- Vidareutvikle styringsdokument, retningsliner og rammeverk for informasjonsforvaltning
- Kartleggje og analysere arbeidsprosessar, særleg korleis informasjon vert skapt, brukt, delt og bevart
- Vidareutvikle funksjonalitet for sakshandsaming og arkivering i Stortingets M365-baserte samhandlings- og sakshandsamingsløsning, i samarbeid med produkteigarar og IT-utviklarar
- Bidra til opplæring og rettleiing av organisasjonen innan informasjonsforvaltning
- Arbeide med digital langtidsbevaring
- Utføre og vidareutvikle løpande driftsoppgåver innan dokumentasjonsforvaltning og arkiv, som registrering, kvalitetssikring, rettleiing og oppfylging
Kvalifikasjoner
Du må ha:
- Relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad, men gjerne mastergradnivå, først og fremst innan informasjonsforvaltning, arkiv- og informasjonsvitskap, dokumentasjonsforvaltning, eller IT. Lang og relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- God kjennskap til M365-applikasjonar
- God kjennskap til regelverk og relevante standardar innan informasjons- og dokumentasjonsforvaltning
- Erfaring med digitale arkiv- og dokumenthandteringssystem
Erfaring frå prosjekt- og/eller utviklingsarbeid er ein fordel
Den som vert tilsett må kunne handtere gradert informasjon tilsvarande “Hemmeleg” .
Personlege egenskaper
- Analytisk, strukturert og sjølvstendig, med evne til å handtere komplekse problemstillingar
- Gode samarbeidsevner, og evne til å byggje bru mellom ulike fagmiljø
- Særs gode formidlingsferdigheiter, med evne til å gjere komplekst fagstoff forståeleg og formidle komplekse problemstillingar på ein klårt og forståeleg måte
- Initiativrik og løysingsorientert, og trivst både med operative oppgåver og fagutvikling
Vi tilbyr
- Ei sentral rolle i utviklinga av informasjonsforvaltninga i ei samfunnsviktig verksemd
- Eit sterkt fagmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver og høve til fagleg utvikling
- Ein fleksibel arbeidsdag og gode ordningar for kompetanseutvikling
Stillinga blir lønt som seniorrådgjevar, for tida i lønsspennet kroner 725 400,00–832 900,00, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. Frå løna blir det trekt 2 % til innskot i Statens pensjonskasse. For stillinga gjeld seks månaders prøvetid.
Stortinget er oppteke av mangfald og ønskjer å vere ein arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte til å søkje jobb uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Det er mogleg å be om å bli unnateken frå denne søkarlista. Då må du grunngje kvifor du ønskjer dette, og vi tek deretter stilling til om ønsket kan innvilgast. Dersom vi ikkje kan gjere det, vil du høyre frå oss.
For meir informasjon om stillinga kan du gjerne ta kontakt med stortingsarkivar Egil Borlaug, telefon 975 83 241.
Du vil bli beden om å vise fram vitnemål/karakterutskrifter ved å gi oss tilgang til Vitnemålsportalen. Søknad, CV og attestar/vitnemål skal fortrinnsvis sendast elektronisk via denne sida «Søk stillinga» innan 2. mars 2026. Attestar og vitnemål blir ikkje returnerte.
Her er lenkje til vår personvernerklæringa . Personvernerklæringa gir deg informasjon om korleis Stortinget behandlar personopplysningane dine når du søkjer jobb hos oss.
FerdigheterAI-generert
- Administrere arkiv
- Arkivarbeid
- Arkivkunnskap
- Elektronisk arkiv
- Forskrifter
- Informasjonsforvaltning
- Microsoft 365
- Prosessanalyse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Stortingets administrasjon har som formål å støtte den parlamentariske virksomheten og sørge for gode rammebetingelser for representantenes arbeid. Vi arbeider med å formidle kunnskap om folkestyret og Stortingets virksomhet, forvalte og sikre Stortingets verdier, og ivareta og fornye Stortinget som institusjon.
Stortingets administrasjon har rundt 520 medarbeidere og er organisert i 7 avdelinger.
Du kan lese mer om oss som arbeidsgiver og møte noen av våre medarbeidere på Jobb på Stortinget - stortinget.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Prinsens gate 26, 0157 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arkivar og bibliotekar, Dokumentasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
informasjonsforvaltning, teknologi, arkiv, informasjonsvitenskap, dokumentasjonsforvaltning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450642964
- Sist endret
