Sjukepleiar
Sunnylven distrikt, Stranda kommune
- Frist 15.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Sunnylven distrikt består av 23 omsorgsbustadar og i tillegg blir det gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til eit varierande antal heimebuande.
Det er ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar frå 01.06.2026
Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus.
Kvifor velge oss:
- Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag.
- Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitet
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette
- God variasjon i oppgåver og utfordringar
- Fokus på trivsel og arbeidsglede
- Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- Fokus på kompetanseheving og oppgåvedeling
- Muligheit for vidareutdanning med støtte
- God fastløn
- Ved rekrutteringsutfordringar vil det blir vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige heilt eller delvis for ein tidsavgrensa periode
- Bruk av tilleggsansiennitet, minimum 10 år, kan også bli vurdert som eit rekrutteringstiltak
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver
- Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad
- Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar
- Heilheitleg pleie, omsorg og helsehjelp til brukarane
- Sjukepleiefagleg ansvar
- Legge til rette for godt samarbeid mellom brukarar, pårørande og kollegaer
- Tverrfagleg samarbeid
- Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
- Bidra til fagleg utvikling og ta ansvar for kompentanseheving
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, tilsvarande nivå B2
- Gode datakunnskapar og kjennskap til velferdsteknologi
- Førarkort
- Evne til å halde seg fagleg oppdatert
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan helsefagarbeidar eller ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig og målretta
- Evne til å samarbeide godt med andre
- Vise respekt i møte med brukarar og kollegaer
- Trygg og omsorgsfull
- Positiv og løysingsorientert
- Fagfokusert
- Likar utfordringar
Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183Arbeidsstad
Hellesyltvegen 176218 Hellesylt
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5079544270
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450605603
- Sist endret


