Ledig stilling som sjukepleiar i Vik fengsel i Sogn
Vik kommune Heimebaserte tenester, open omsorg 2
- Frist 9.3.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vik kommune søkjer etter ferievikar for sommaren 2026 til ei 100 % stilling som sjukepleiar i Vik fengsel. Arbeidsvekene gjeld veke 30-33, samt opplæring i veke 29.
Kvalifikasjonskrav
Sjukepleiar – gjerne med kunnskap og/eller interesse for fagfeltet rus/psykiatri
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene
- Innkomst-/kartleggings- og støttesamtaler
- Gjera vurderinger vedk. psykisk og somatisk helse
- Beherske sjukepleieprosedyrar, f.eks. sårstell/blodprøver
- Samarbeid med fengselslege/legevakt/psykiatritenesta
- Samarbeid med Kriminalomsorgen
- Samarbeid med spesialisthelsetjenesten/LAR/fastlege m.m.
- Medikamenthåndtering (ein sjukepleiar/student uten særleg erfaring vil bruke mykje tid på dette)
- Dokumentasjon/CGM-journal
Kvalifikasjonskrav
- Utdanning som sjukepleiar
- Krav om politiattest
- God munnleg og skriftleg kompetanse i norsk
Det er viktig at du kan jobbe sjølvstendig.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- Løn etter kommunalt avtaleverk
- Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Den som vert tilsett må levera politiattest av ny dato
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden. Kommunen kan skaffe bustad i fellesleilegheit.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 57 69 82 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450568322
- Sist endret