Ferievikar i heimeteneste og sjukeheim
Hareid kommune, Eining for heimetenester
- Frist 30.3.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vi ser etter deg som har fylt 18 år og vil vere ferievikar i perioden 22. juni – 16. august.
Har du fagkompetanse eller erfaring frå arbeid innan helse og omsorg? Eller kanskje ønsker du å prøve ut om dette arbeidet kan passe deg? Er du sjukepleiar, helsefagarbeidar, pleiemedarbeidar, miljøterapeut, student eller vil arbeide som pleiemedarbeidar/assistent? Då er du velkomen som søkar!
Vi ber om at du skriv i søknaden kva stillingsstørrelse og i kva eining du ønskjer å arbeide i, og i kva tidsrom du kan jobbe. Vi vil prioritere deg som kan arbeide i juli og august månad.
Arbeidsoppgåver
Du kan få helse- og omsorgsoppgåver etter kva du har kompetanse til og er kvalifisert for i sjukeheim, omsorgsbustader og private heimar (heimetenesta).
Kvalifikasjonar
- sjukepleiar/vernepleiar
- helsefagarbeidar
- miljøterapeut, barnevernspedagog/sosionom
- pleiemedarbeidar med erfaring innan pleie/omsorg
- personleg assistent
- student i relevante helsefag
Godkjend politiattest av ny dato må leverast før du kan starte i arbeid. Det er krav om at du har førarkort klasse B for arbeid i heimetenesta.
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på at du er positiv, arbeidsglad, sjølvstendig og ansvarsbevisst. Du samarbeider godt, og skaper gode relasjonar til menneska kring deg. Du må kunne arbeide sjølvstendig med vekt på gode tenester til pasientane, og samarbeide godt med kollegaer og med andre einingar.Vi tilbyr
Vi tilbyr eit godt fagmiljø, pasientkontakt og gode kollegaer. Arbeid i turnus, dag/kveld og/eller natt.Vi ønsker god kontinuitet både for pasientar og tilsette i ferieavviklinga, håpar derfor at du kan arbeide store delar av perioden. Dersom du er kjend vikar hos oss, og jobbar 80 prosenet og annakvar helg i meir enn fire veker i ferieperioden, vil du få moglegheit til å inngå avtale om bonus på 3000 kroner per ekstra veke utover fire veker. Studentar i relevant studieløp får løn etter kommunens eiga lønsplassering.
Tilsetting skjer på vanleg kommunale villkår.
Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Kontaktinformasjon
Sutharsiny Satheeskumar, Einingsleiar, +47 46801312Arbeidsstad
Teigevegen 556060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 5071526988
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 30.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450561824
- Sist endret

