Fagleiar fysisk krafthandel
SFE
- Frist 2026-03-01
- Ansettelsesform Fast
Fagleiar fysisk krafthandel
Noreg – og verda – er avhengige av meir fornybar energi om vi skal nå klimamåla. I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å lage straum ut i frå naturkreftene – og utvikle nye fornybarprosjekt på lag med naturen.
Vi er av dei største kraftprodusentane på Vestlandet – eit selskap i positiv utvikling og med svært høg aktivitet. Vi har ei stor kraftutbygging på gang i Øksenelvane og har også fleire nye spennande utbyggingsprosjekt under planlegging. I 2023 oppretta vi ein produksjonssentral på Sandane, der vi overvaker kraftproduksjon og handlar i dei fysiske kraftmarknadene. Dette var eit strategisk val som ein del av vår satsing innan systemutvikling og digitalisering av ein stadig aukande kraftproduksjon. Vi skaper den fornybare framtida - det er samfunnsoppdraget vårt.
På grunn av auka oppgåveomfang og aktivitet i dei kortsiktige fysiske kraftmarknadane søkjer vi etter Fagleiar Fysisk Krafthandel til vår døgnbemanna produksjonssentral på Sandane.
Stillinga er nyoppretta og vil vere ein viktig ressurs i vidareutviklinga av vår aktivitet i dei kortsiktige fysiske marknadane og system knytt til dette. Rolla har eit overordna fagansvar for fysisk krafthandel, med ansvar for strategiutvikling, planlegging og optimal agering i ulike marknader. Fagleiar inngår også i reservestyrken for skiftordninga ved vår døgnbemanna produksjonssentral.
Ein kvardag med fagutvikling i fokus
Fagleiarane i SFE er nøkkelpersonar som jobbar i eit aktivt skjeringspunkt mellom folk og fag. Her får du bruk for di sterke marknadsforståing og dine tydelege kommunikasjonsevner. Du vil jobbe kontinuerleg med å sikre effektiv samhandling og bygge tillit på tvers av fagmiljø. I tillegg vil du vere ansvarleg for utarbeiding av robuste analysar, vidareutvikling av system og arbeidsmetodikk. Du er ein trygg og kunnskapsrik fagleiar som spelar ei sentral rolle i dei faglege vurderingane, når viktige avgjerder skal takast.
Du er ein god fagleg rollemodell som held deg oppdatert, utviklar fagområdet og sikrar kompetanseutvikling for kollegaene dine. Den faglege standarden er det du som definerer og samordnar, sjølvsagt alltid i tråd med gjeldande regelverk og interne retninglinjer. Stillinga inneber soleis ansvar for etterleving av både regelverk og interne rutinar, inkludert handtering av innsideinformasjon, kontrollfunksjonar og avvik. Du er moden når det kjem til styring og kontroll, og du tek nødvendige og gode avgjerder innafor ditt ansvarsområde.
Du evnar å koordinere, rettleie og lære opp fagmiljøet med tryggleik i botn. Du gir tilbakemeldingar og støttar kollegaene sin faglege utvikling, med fokus på å byggje ein sterk etterlevingskultur der kontinuerleg forbetring og digitaliseringfokus er viktig.
Kven trur vi du er?
Du er ein trygg og strukturert person med høg integritet og sterk gjennomføringsevne, som evnar å setje retning og skape god forankring. Du har gjerne høgare utdanning innan relevante fag, t.d. ingeniørfag eller økonomi, eller solid erfaring frå fysisk krafthandel, produksjonsdisponering eller porteføljeforvaltning.
Har du erfaring med å utvikle prosessar, kontrollmiljø og styringssystem, kombinert med kommersiell legning og interesse for økonomi og marknad vil det vere eit fortrinn. Gode datakunnskapar, systemforståing og gjerne erfaring med SCADA-system er ein fordel. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
Vi ser føre oss at du er utprega analytisk, løysingsorientert og komfortabel med bruk og vidareutvikling av IT-verktøy. Det er ein nødvendig eigenskap at du kan handtere krevjande og stressande situasjonar på ein god måte. Du har engasjement for fornybar energi, HMS og berekraft, og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø.
Difor skal du velje oss!
Som fagleiar for fysisk krafthandel i SFE får du ein spennande og variert arbeidskvardag. Denne nyoppretta stillinga vil spele ei sentral rolle i vidareutviklinga av krafthandel og marknadsoperasjonar, med stor moglegheit til å setje preg på strategi, metodikk og etterlevingskultur. Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med tett samarbeid på tvers av drift, produksjon, økonomi og leiing.
Vi håpar at du ser ei spennande moglegheit i å vere fagleiar i SFE, og at du ser det som attraktivt å jobbe i eit selskap med høg medarbeidertilfredsheit. Dette vart tydeleg stadfesta gjennom vår siste medarbeidarundersøking, der trivsel og fellesskap vart løfta fram som nokre av våre største styrkar. Vi satsar målretta på utvikling av medarbeidarane våre og tilbyr attraktive ordningar. Verdiane våre – Stolt, Frisk, Ekte – gjennomsyrar alt vi gjer, og vi inviterer deg til å bli med oss på vegen vidare.
Vi meiner at mangfald er ein styrke, og oppmodar personar med ulike bakgrunnar til å søkje.
Før tilsetting av den rette kandidaten, vil vi etter samtykke gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetting gjerast berre under føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.
Søknadsfrist: 1. mars 2026. Vi vurderer innkomne søknader fortløpande.
Har du spørsmål kan du kontakte:
- Bengt J. Haugnes, Avdelingsleiar Energi & Marknad, mobil 918 08 917
- Kevin Denton, Teamleiar Produksjonssentral, mobil 419 25 891
FerdigheterAI-generert
- Analysere data
- Controlling
- Forbedring av produksjonsbetingelser
- Forskrifter
- Handel med elektrisitet
- Ingeniørarbeid
- Internkontroll
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Privat
- Sted: Sørstrandsvegen 227, 6823 Sandane, 6823 Sandane
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Kvalitetssikring
Nøkkelord
krafthandel, fysisk krafthandel
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450534449
- Sist endret

