Vil du jobbe som brukerstyrt personleg assistent (BPA)?
Åseral kommune
- Frist 25.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Fast helgestilling, ferievikarer og tilkallingsvikarer.
Brukerstyrt personlig assistanse er ein måte å organisere praktisk bistand til personar med nedsett funksjonsevne. Ordninga omfattar hjelp til dagleglivets praktiske gjeremål både i og utanfor heimen.
Vi søker etter helsefagarbeiderar og/eller andre med helsefagleg erfaring/kompetanse, for arbeid i turnus med tredje kvar helg, og med dag- ,kveld-, og nattevakter.
Ei av brukarane som treng assistentar er ei blid og livsglad dame som flytta til Åseral i haust. Her har ho sin næraste familie, med barn og barnebarn. Ho har hatt MS i mange år og sit i elektrisk rullestol. Det er fint for ho å komme seg ut med bilen sin for køyreturar eller på besøk til familie og vener. Ho liker og å gå på kafe og konsertar.
I tillegg har vi avlastningstilbod for ungdom der vi og treng vikarar.
Arbeidsoppgaver
- Personleg stell
- Lage mat
- Husarbeid
- Hjelp til trening
- Vere med på turar, konserter kafebesøk, handling
Kvalifikasjoner
- Helsefagarbeidar og/eller andre med helsefagleg erfaring/kompetanse.
- Anna relevant erfaring eller utdanning kan bli vurdert (arbeid med menneske)
- Gode kommunikasjons og samarbeidsevner
Personlige egenskaper
- Fleksibel og arbeidsvillig
- Tålmodig og utadvendt
- Ansvarsfull
- Sjølvstendig, løysingsorientert – må kunne ta initiativ til å sjå kva som må gjerast i heimen
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.
Førerkort klasse B er nødvendig, og du må vere villig til å køyre brukar sin bil for rullestol, med manuell gir.
Gyldig politiattest må kunne leggast fram ved tilsetting (ikkje eldre enn 3 månadar)
Vi tilbyr
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med løn iht hovudtariffavtalen.
- Varierte og meiningsfylte oppgåver i samarbeid med hyggjelege og kompetente medarbeidar
- Rettleiing og naudsynt opplæring
- Vi kan hjelpe til å finne bustad
- Gratis SFO
- Barnehageplass
Kontaktinformasjon
Laila Ljosland, Einingsleiar Helse og velferd, +47 41322847Arbeidssted
Bordalsbakken 104540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommuneReferansenr.: 5078055176
Stillingsprosent: 30%
Fast
Søknadsfrist: 25.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450442222
- Sist endret