Helsefagarbeider 100%
Bykle
- Frist 28.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du ha ein arbeidsplass som er like fin som turmåla? Velkommen til Bykle!
I Bykle kommune skal alle oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, i tråd med Bu trygt heime reforma. Bykle heimesjukepleie arbeider målretta for at alle skal få bu heime så lenge som mogleg. Målet er å sikre gode tenester til alle med behov for helsehjelp. Ernæring, fysisk aktivitet og miljøbehandling er viktig.
Bykle pleie- og omsorg har ein institusjon med 15 plassar fordelt på to avdelingar. Det er 8 plassar for menneske med demens, 6 somatiske plassar og 1 ØHD plass. I tillegg omfattar Bykle pleie- og omsorg heimebaserte tenester og habiliteringstenester.
Vi ynskjer gode faglege diskusjonar. Godt humør er ein viktig del av arbeidskvardagen, og vi er opptekne av å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode og vi ynskjer DEG med på laget i Bykle!
Vi skal tilsetje helsefagarbeider/hjelpepleier i ei fast stilling i 100%, med arbeid 3. hver helg i langvakter. Stillinga er delt mellom sjukeheimen og heimebaserte tenester, noe som gjer varierte arbeidsdagar. Stillinga er ledig fra dags dato.
Arbeidsoppgaver
- Helsefagligfaglig yrkesutøvelse i form av stell, pleie og omsorg, samt veiledning og hjelp til bruker/pasient
- Faglig oppfølging av brukere/pasienter, inkludert NEWS, IPLOS mm.
- Teke del i dei ulike oppgåvene som er i eininga
- Munntleg og skriftleg dokumentasjon
- Bidra til motivasjon og eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjoner
- Off.godkj/autorisert hjelpepleiar/helsefagarbeidar
- Det er ei fordel med relevant erfaring
- Du må vere komfortabel med å bruke digitale arbeidsverktøy
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg, er påkrevd
- Sertifikat klasse B
Personlige egenskaper
- Fagleg dyktig, lojal, ærleg og tålmodig
- Positiv med god framferd
- Du må kunne arbeide både sjølvestendig og i team
- Du må takle uførutsette hendingar
- Vi ynskjer at du er handlekraftig, innovativ og fleksibel
- Det er viktig å ha brukar i fokus
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø med godt humør og raushet.
Vi tilbyr
- Fagleg utfordringar i eit godt arbeidsmiljø meg gode kollegaer
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein fjellkommune med fin natur, rein luft og mange moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter
- Velferdstiltak som skapar trivsel og samhald
- Bedriftsleilighet i Kanalbyen i Kristiansand
FerdigheterAI-generert
- Dokumentering og registrering av informasjon
- Grunnleggende sykepleie
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
- Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar
- Vi er ca. 190 tilsette
- Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
- Vi er ei IA-bedrift
Om Bykle:
- Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
- Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
- Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
- Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
- Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter
- Det er løpande SFO- og barnehageopptak
Avstandar:
- Bykle - Kristiansand er 18 mil
- Bykle - Oslo er 29 mil
- Bykle - Stavanger er 33 mil
- Bykle - Bergen er 35 mil
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sykehjem, Sjukeheim, Heimesjukepleie, Hjemmetjeneste
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450747991
- Sist endret