
Kunderådgjevar Personmarknad Sunnfjord
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
- Frist 11.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe tett på folk og vere ein rådgjevar kundane faktisk stolar på?
God rådgjeving handlar om tillit, relasjonar og lokalkunnskap. No når fleire av våre erfarne rådgjevarar nærmar seg pensjonsalder, ser vi etter nye kollegaer som vil vere tett på folk og kundane våre i Sunnfjord og Høyanger.
Dette er og grunnlaget for oss i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, som har sterke røter som lokal sparebank i regionen. Her har vi alltid vore, og her skal vi alltid vere. Vi set kunden og rådgjevinga i fokus. I kombinasjon med god lokalkunnskap er dette vår største styrke.
Stillinga er knytt til region Sunnfjord. Arbeidskvardagen er delt mellom Førde og Høyanger, der du har fast kontorstad i Høyanger to dagar i veka. Dette gir ein variert arbeidskvardag og tettare kontakt med kundar og lokalsamfunn i fleire delar av regionen. For oss er dette viktig, fordi vi meiner at god rådgjeving blir best når du kjenner menneska du møter.
Som kunderådgjevar får du ansvar for å utvikle og ta vare på kundar. Du gir gode råd som er tilpassa behova til kvar enkelt og bygg relasjonar som varer.
Dine hovudoppgåver vil vere:
Gi rådgjeving og løysingar innan sparing, lån, forsikring og daglegbank
Følgje opp og vidareutvikle eiga kundeportefølje
Skape gode kundeopplevingar gjennom tett dialog og gode relasjonar
Bidra til samarbeid, deling av kunnskap og felles måloppnåing i regionen
Kjenner du deg igjen i dette?
Du er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt. Du er god til å sjå behov og finne dei rette løysingane for kundane. Du har ei solid vurderingsevne og er trygg og tydeleg i relasjon med kundane. Du trivst med å samarbeide med andre, og har samtidig driv og engasjement når du jobbar på eiga hand.
Vi ser gjerne at du har høgare utdanning og er autorisert finansiell rådgjevar, men det viktigaste for oss er at du er engasjert og ønskjer å lære. Manglar du autorisasjon, får du god støtte av oss til å kome i mål.
Kvifor skal du søkje hos oss?
Her får du eit arbeidsmiljø der folk trivst, støttar kvarandre og tek vare på både kundar og kollegaer. Det er korte vegar til avgjersler, og vi legg til rette for både fagleg og personleg utvikling. Vi ønskjer at du skal ha ein god balanse mellom jobb og fritid, med fleksibel arbeidstid og redusert arbeidstid frå mai til august.
Som fast tilsett blir du medeigar i banken. Du får eigenkapitalbevis, gunstige ordningar på lån, sparing og forsikring og tilgang til banken sine hytter og leilegheiter.
Gode ordningar, støttande kollegaer og meiningsfulle arbeidsoppgåver gjer at mange trivst og blir verande hos oss lenge.
Om du lurer på noko eller ønskjer å vite meir om stillinga, så kan du ta kontakt med HR- og rekrutteringsansvarleg Regine Gausemel.
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk gjennomførast av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til det. Søkarar som får tilbod om stillinga må framlegge vandelsattest.
FerdigheterAI-generert
- Administrere lån
- Finansiell og økonomisk rådgivning
- Forsikringspolise
- Kundeportefølje
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Langebruvegen 12, 6800 Førde
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Løsningssalg, Økonomistyring og budsjettering, Rådgivning
Nøkkelord
Kunderådgiver, Bank, Rådgivning, Salg, Lån
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450428603
- Sist endret
