Konsulent/spesialkonsulent
Vestland fylkeskommune
- Frist 01.03.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Konsulent/spesialkonsulent skoleskyss
Vil du arbeide med skoleskyss for elevar i Vestland? Skyss arbeider for eit best mogleg kollektivtilbod i fylket. Vi utviklar, planlegg og marknadsfører kollektivtransporttenester med buss, bybane, båt og ferje. Vi sørger også for transport til rundt 27 000 elevar i Vestland som av ulike grunnar har rett på fri skoleskyss. Arbeidet vårt påverkar kvardagen til mange menneske, og vi har stor respekt for oppgåva.
Vi har no ledig eit vikariat med varigheit på eitt år i 100 % stilling og ønsker ein medarbeidar som kan styrke og bidra til utvikling av arbeidet vårt med skoleskyssen. I arbeidet inngår merkantile og administrative oppgåver knytt til skoleskyss, og rettleiing og dialog med kommunar, skolar, transportselskap, føresette og elevar.
Vi vil heile tida utvikle og forbetre tenestene våre og søker etter deg som vil bidra i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver
Som konsulent for skoleskyss vil du inngå i ei engasjert og fagleg kompetent faggruppe i Skyss. Du må rekne med stor variasjon i oppgåver, men sentrale arbeidsoppgåver vil vere å
- svare på telefonhenvendelser om skoleskyss
- handsame skriftlege meldingar om skoleskyss
- ha dialog med skolar, kommunar, føresette og andre interessentar, og rettleie om regelverk, prosessar og system
- handtere bestilling og utsending av reisebevis
- vedlikehalde informasjonsmateriell
- bidra til utviklingsarbeid og forbetringsarbeid etter behov.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har fag-/sveinebrev eller 3-årig universitets-/høgskuleutdanning innan relevante fagområde, til dømes kontor og administrasjon.
I tillegg er det fint om du har
- god skriftleg framstillingsevne på bokmål og nynorsk
- god kompetanse i bruk av Microsoft Office, og IT-ferdigheiter som gjer at du raskt kan setje deg inn i nye system
- erfaring med kundebehandling og rettleiing
- erfaring med og/eller kjennskap til offentleg forvalting/sakshandsaming
- kjennskap til kollektivtransport og logistikk
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Personlege eigenskapar
Vi treng deg som
- er strukturert og kvalitetsbevisst
- er serviceinnstilt og har god evne til å formidle og rettleie over telefon og e-post
- jobbar målbevisst og sjølvstendig og leverer som avtalt
- har samarbeidsevne, vilje og evne til å dele kunnskap og involvere andre
- kjenner deg igjen i verdiane våre, som er open, kompetent og modig.
Vi tilbyr
Hos oss i Skyss kjem du inn i eit sterkt fagmiljø og eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer. Du vil få ei variert og spennande stilling med stor samfunnspåverknad. I tillegg tilbyr vi
- gode og stabile arbeidstilhøve gjennom Vestland fylkeskommune
- fleksibel arbeidstidsordning og løn etter tariff i kommunal sektor
- gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Andre opplysningar:
- Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
- Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bede om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
FerdigheterAI-generert
- IT-kompetanse
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Om Skyss
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.
Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 5,7 milliardar kroner.
Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5008 Bergen
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Kontor og administrasjon, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Skyss, Samferdsel, Kollektivtransport, Skoleskyss, Saksbehandling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450415799
- Sist endret


