Avdelingsleiar Sauherad Bygdeheim
Midt-Telemark kommune
- Frist 23.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Trivst du med å leie menneske? Likar du utvikling i team saman med kompetente medarbeidarar? Er du vår nye avdelingsleiar? SØK då vel!
Midt‑Telemark kommune ligg sentralt plassert i Telemark, med Bø som kommune‑ og regionssenter og eit viktig handelsknutepunkt, medan Gvarv fungerer som eit levande og aktivt lokalsenter. Kommunen har om lag 11 000 innbyggjarar og er kjend som ein attraktiv stad å bu, arbeide og besøkje. Her finn ein nasjonale turistmål, eit rikt og variert kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit mangfaldig landbruk. Særleg er kommunen kjend for fruktproduksjon, og står åleine for rundt ein fjerdedel av alle epla som blir dyrka i Noreg.
Midt‑Telemark er òg ein viktig utdanningskommune, med studiestad for Universitetet i Sør‑Aust‑Noreg, vidaregåande skule og folkehøgskule. Bø er eit sentralt trafikknutepunkt med gode kollektivsamband både aust- og vestover, og med berre to timar med tog til Oslo og om lag to og ein halv time til Kristiansand.
Sauherad Bygdeheim er ein velfungerande sjukeheim med mange spennande funksjonar. Avklaringssengene fungerer som ein mellomstasjon mellom sjukehus og kommunale tenester, og her er det tett dialog med kommunen sitt tenestekontor og innsatsteam. KAD‑tilbodet avlastar spesialisthelsetenesta og bidreg til å redusere behovet for innlegging på sjukehus. Her blir det utført prosedyrar som er både spesialiserte og fagleg spennande.
På langtidsavdelingane har vi varierte prosedyrar som krev solid helsekompetanse, i tillegg til avlastings- og beredskapssenger. Vi har òg eigen institusjonslege og lege på KAD kvar vekedag. Bygdeheimen held til i trivelege og funksjonelle lokale på Gvarv.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for leiing og organisering av dagleg drift, inkludert arbeidstidsplanlegging og bemanning
- Dagleg oppfølging og støtte til medarbeidarar i det faglege og praktiske arbeidet
- Gjennomføring av medarbeidarsamtalar og utviklingssamtalar
- Personalansvar og økonomioppfølging, inkludert budsjettoppfølging, sjukefråværsoppfølging, rekruttering og HMS
- Utføring av administrative oppgåver knytt til drift og dokumentasjon
- Fagleg oppfølging og kvalitetssikring av tenestene
- Utarbeide turnus i samråd med tilitsvalde.
- Ansvar for medikamenthandtering og oppfølging av avvik
- Kontakt og samarbeid med pårørande og brukarar
- Samarbeid med spesialisthelsetenesta og andre relevante aktørar
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant leiarutdanning og/eller dokumentert relevant erfaring med leiing og utvikling av medarbeidere. Dersom du har erfaringa vi etterspør, men manglar formell leiarutdanning, forventar kommunen at du er villig til å ta dette etter tilsetting
- Gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg, minimum B2 nivå
Ønska kompetanse
- Erfaring med drift og planlegging av arbeidstid, inkludert turnusarbeid
- Innsikt i lov- og avtaleverk som regulerer tenestene
- Fagleg engasjert
- Har økonomiforståing
- Har turnusforståing
- Erfaring med administrativ saksbehandling
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer deg som:
- har evne til å sjå og leie medarbeidarane dine
- er interessert i menneske
- har ønskje om å knyte til frivilligheit og vidareutvikle dette arbeidet
- har eit sterkt ønskje om å utvikle tenesta vidare
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Midt-Telemark kommune har eit introduksjonsprogram for nye leiarar som du vil gjennomføre ved oppstart i stillinga
- Lønn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Martin Ytreland, Einingsleiar, +47 99230525Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5064307220
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.05.2026
Søknadsfrist: 23.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450388228
- Sist endret
