Direktør oppvekstavdelingen
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
- Frist 10.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søker engasjert og motiverande direktør for vår oppvekstavdeling
Om stillinga
I oppvekstavdelinga er det frå 1. september 2026 ledig 100 prosent stilling som direktør. Direktøren er fagleg og administrativ leiar av oppvekstavdelinga. Direktøren rapporterer til statsforvaltar og er del av statsforvaltarens leiargruppe.
Oppvestavdelinga har 33 medarbeidarar. Avdelinga er organisert med direktør, assisterande direktør og fem faggrupper med fagsjefar.
Direktøren har utstrekt samarbeid og mykje kontakt med kommunane, departement og direktorat, samt helse- og omsorgsavdelinga hos Statsforvaltaren.
Arbeidsoppgåver
Oppvekstavdelinga har ansvar for fagområda barnehage, skule og barnevern, samt introduksjonsfeltet. Arbeidet omfattar tilsyn, klagebehandling, tilskotsforvaltning, administrative oppgåver knytte til eksamen, samt rettleiing.
Direktøren skal leia avdelinga. Direktøren har budsjettansvar og skal sørgja for fordeling og prioritering av ressursane og oppgåvene til avdelinga. I samarbeid med embetsleiinga og dei andre direktørane skal direktøren i oppvekstavdelinga delta i planlegging og gjennomføring av Statsforvaltarens samla oppgåver.
Kvalifikasjonskrav
Søkjarar må ha:
- relevant utdanning på mastergradnivå
- fagkompetanse innan eitt eller fleire av fagområda til avdelinga
- god kunnskap om offentleg forvaltning på områda barnevern, barnehage og utdanning
- gode leiareigenskapar og leiarerfaring, først og fremst frå offentleg verksemd
- heilskapsforståing og breitt erfaringsgrunnlag god rolleforståing
Personlege eigenskapar vi ynskjer oss og vil leggje stor vekt på
- Du er engasjert i fagområdet og bidreg positivt i arbeidsmiljøet.
- Du er god til å inspirere og motivere kunnskapsrike medarbeidarar.
- Du er flink til å samarbeide med andre.
- Du er analytisk, strukturert, målretta og resultatorientert.
- Du løyser oppgåvene effektivt.
- Du har god vurderingsevne og rolleforståing.
- Du er god til å formidle eit bodskap.
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig.
- Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Du tek aktivt del i leiargruppas arbeid for at verksemda til Statsforvaltaren blir godt samordna på tvers av avdelingane sine ansvarsområde.
Vi tilbyr
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø.
- Fleksibel arbeidstid.
- God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse.
- Lønn som direktør, stillingskode 1062, i lønnsspennet kr. 1 100 000 - 1 200 000 pr. år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.
For særs godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
Generelle opplysningar
Vi tek atterhald om endring av oppgåvene til stillinga. Det er 6 månader prøvetid.
Kontorstad for stillinga er Skien, men direktøren må rekna med ukentlege kontordagar i Tønsberg. Embetet har nøytral målform, og 25 prosent av det vi skriv skal vere på nynorsk.
Vi er opptekne av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i samfunnet, og oppmodar derfor alle kvalifiserte til å søkje.
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil evt. bli kontakta om dette.
Opplysningar om stillinga får du av statsforvaltar Trond Rønningen, tlf. 33 37 10 20 / 97 01 49 88 eller oppvekstdirektør Kari Evensen tlf. 33 37 11 76/48 12 52 35.
Vi ber om at søknad, vedlagt vitnemål og relevante attestar, blir sende elektronisk via jobbnorge.no.
Søknadsfrist: 10. mars 2026.
FerdigheterAI-generert
- Kjennskap til offentleglova
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren er staten sin representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningsliner frå Stortinget og regjeringa. Statsforvaltaren er ein viktig rettstryggingsinstans. Vi har arbeidsoppgåver på ei rekke fagfelt, mellom anna utdanning og oppvekst, helse og sosial, miljø, landbruk, samfunnstryggleik og beredskap og kommunal økonomi og forvaltning.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke, og ønskjer
medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv.
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har om lag 200 medarbeidarar. Vi har kontor i Tønsberg og Skien. Hovudsetet ligg i Skien.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Gjerpensgate 10, 3716 Skien
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450584587
- Sist endret
