Operasjonssjukepleiar ved augeoperasjon, fast dagstilling med beredskapsvakt
Augeavdelinga/ Auge operasjonseining, Helse Bergen HF
- Frist 16.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Augeoperasjon er ein del av Augeavdelinga og har ansvar for planlagd og akutt augekirurgi. Vi tilbyr kirurgi for dei fleste kirurgiske tilstandar i auge og nyttar avansert medisinsk teknisk utstyr. Kirurgien blir utført både i lokal og generell anestesi. Pasientane våre er barn, unge, vaksne og eldre.
Seksjonen har fleire operasjonsstover og eit fagmiljø beståande av erfarne operasjonssjukepleiarar. Vi samarbeider tett med kirurgar, anestesipersonell og andre faggrupper i eit tverrfagleg team med høgt fokus på pasienttryggleik, kvalitet og god arbeidsflyt.
Vi har no ledig fast stilling i 100% som operasjonssjukepleiar. Stillinga er ei dagstilling med beredskapsvakt utanom ordinær arbeidstid, kveld, natt og helg. Beredskapsvaktene er heimebaserte med utrykking ved behov.
Arbeidsoppgåver
- Operasjonssjukepleie ved planlagd og akutt augekirurgi
- Steril assistanse under kirurgiske inngrep
- Koordinerande funksjon på operasjonsstove
- Deltaking i beredskapsvakt med utrykking ved behov
- Bidra til pasienttryggleik, kvalitet og gode pasientforløp
- Samarbeid i tverrfagleg team
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar og vidareutdanning i operasjonssjukepleie
- Relevant erfaring frå operasjonsavdeling er ein fordel
- Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Er trygg i operasjonssjukepleiarrolla og fagleg bevisst
- Er særs fleksibel og handterer raske endringar i arbeidskvardagen
- Meistrar ein fysisk krevande og til tider intensiv arbeidskvardag
- Arbeider strukturert og effektivt under tidspress
- Er påliteleg og tar ansvar i beredskapsordninga
- Bidrar positivt til arbeidsmiljøet og godt samarbeid mellom operasjonsavdeling og DKE
Vi tilbyr
- Fast dagstilling med beredskapsvakt
- Eit spesialisert og variert fagfelt innan augekirurgi
- Eit stabilt og erfarent fagmiljø
- Tett tverrfagleg samarbeid
- God opplæring og fagleg støtte
- Eit inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Linda Rio-Standal, Seksjonsleiar, 48608897Arbeidsstad
Jonas Lies vei 725021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5074737040
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450388226
- Sist endret


