Helsefagarbeidar natt
Avdeling Haram bustader 2, Haram kommune
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Butenesta i Haram har ledig stilling som helsefagarbeidar i 52 % stilling. Stillinga er for tida ledig i avdeling Haram bustader 2.
Turnus for stillinga er for tida natt med arbeid kvar 3. helg. Stillinga er ledig frå 3. mars -26, eller etter avtale.
Vi tilbyr spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø.
Haram bustader yter i hovudsak tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Vi har fokus på å levere gode tenester med høg kvalitet, fagutvikling og kompetanseheving. Hos oss får du jobbe i eit miljø som er opptatt av samarbeid, tryggleik og utvikling. Butenesta er god på punkttenester.
Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN.
Haram bustader består av tre avdelingar. Haram bustader 1 som består av bustader, Haram bustader 2 som består av bustader og Solbakken bukollektiv og dagsenter. Vi har også ei avdeling som består av barnebustad og barneavlastning.
I Haram bustader jobbar du i team med miljøterapeutar, vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, fagarbeidarar og assistentar.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel og utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil kreve nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid
- Medikamenthandtering
- Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønske
- Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette
- Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk
- Fagutvikling - miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga
- Utarbeide, oppdatere og følge opp tiltak og planar etter vedtak og behov
- Rettleingsansvar, både i gruppe og på individnivå
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team
- Erfaring i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
- Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg
- Førarkort kl. B
- Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming
- Politiattest er eit krav
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Viser initiativ og er kreativ
- Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert
- Er pliktoppfyllande og sjølvgåande
- Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson
- Evnar å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Evnar å skape engasjement og har gode haldningar
- Er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd
- Er lojal og stabil
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling
- Rom for å vere kreativ
- Løn etter gjeldande tariffavtale
Kontaktinformasjon
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.noArbeidsstad
Brattvåggata 196270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5070980054
Stillingsprosent: 52%
Fast
Søknadsfrist: 22.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450284993
- Sist endret

