Forskingsbioingeniør
Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB), Helse Førde
- Frist 24.2.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Vil du vere med og utvikle framtidas behandling – i eit framtidsretta laboratoriemiljø midt i vakker vestlandsnatur?
Helse Førde styrkjer satsinga på kliniske studiar, og vi søkjer no ein engasjert studiebioingeniør/bioingeniør i 100% engasjement ut året 2027.
Bioingeniørstudentar på 3. året er velkomne til å søkje.
Ved internt opprykk kan det bli ledig fast grunnstilling i laboratoriet – opplys gjerne i søknaden om dette er av interesse.
75% av stillinga er knytt til arbeid som studiebioingeniør for laboratorieavdelingane. Som studiebioingeniør, blir du ein nøkkelperson i å bygge opp eit framtidsretta system for handtering av kliniske studiar. Arbeidet skjer i tett samarbeid med det tverrfaglege teamet for kliniske studiar i Helse Førde og laboratorieavdelingane patologi, mikrobiologi og LMBB. Dette arbeidet er viktig – kliniske studiar gjev pasientar over heile landet tilgang til ny behandling, og er sentrale for å drive medisinsk kunnskap framover.
25% av stillinga er knytt til dagtidsarbeid ved Laboratoriet for medisinsk biokjemi og blodbank i Førde. Her blir du del av eit moderne og sosialt laboratorium med rundt 35 dedikerte medarbeidarar (bioingeniørar, helsesekretærar, legar og sjukepleiarar).
🌍 Kvifor Førde?
- Ein sjarmerande by med rikt kulturtilbod, butikkar, restaurantar og arrangement
- Fantastisk tilgang til naturen: toppturar, skianlegg, båtliv og fiskemoglegheiter rett utanfor døra-
- Sentralt plassert mellom Ålesund og Bergen. Oslo er berre ein kort flytur unna.
🌟 Her får du:
- Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø
- Kollegaer som jamleg deltek på buldring, jogging, quizkveldar, kampsport og andre sosiale aktivitetar.
- Ein arbeidsplass som trur på ein god balanse mellom arbeid og fritid.
Er du klar for å ta steget?
Ta gjerne kontakt for spørsmål om stillinga, og bli ein del av vårt team!
Vi gledar oss til å bli kjent med deg!
Startdato etter avtale.
Sjå video for å bli kjent med oss: LMBB
Arbeidsoppgåver
- Utarbeide og vedlikehalde prosedyrar for kliniske studiar for laboratorieavdelingane
- Bistå laboratoria i førebuing, oppstart og gjennomføring av kliniske studiar
- Bistå studiesjukepleiarar og legar med å kartlegge behov for laboratoriestøtte i planlegging og oppfølging av kliniske studiar ute i avdelingane
- Delta i prøvehandtering i laboratoria for dei kliniske forskingsprosjekta
- Delta i det tverrfaglege teamet for kliniske studiar og vere del av nettverket med studiesjukepleiarar
- Ansvar for lager og innkjøp av forbruksmateriale
- Systemansvar for LabVantage
- Lære opp og rettleie medarbeidarar
- Deltaking i rutinearbeidet i laboratoriet for LMBB (25 %)
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Ønskeleg med erfaring frå laboratoriearbeid i sjukehus, medisinsk forsking og/eller biobanking
- Gode dataferdigheiter
- Må beherske norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du trivst i team med andre
- Du kan jobbe systematisk og sjølvstendig
- Fagleg engasjement
- Fleksibel og løysingsorientert
- Du likar å rettleie andre, og spør sjølv om hjelp ved behov
- Ansvarsbevisst
Vi tilbyr
- Nødvendig opplæring og vidare kompetanseutvikling
- Trygg arbeidsplass med openheit og respekt, god kollegastøtte
- Eit spanande og dynamisk arbeidsmiljø
- Dagtidsarbeid
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv (IA)-bedrift
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kristina Apalseth Kalland, Avdelingssjef, (+47) 959 23 340Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5072856505
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 24.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450275786
- Sist endret
