Førsteamanuensis eller universitetslektor (20 % ekstraerverv) i medisinsk og helsefaglig pedagogik
Universitetet i Bergen
- Frist 27.2.2026
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFørsteamanuensisVed Det medisinske fakultet er det ledig ei åremålsstilling stilling som førsteamanuensis eller universitetslektor (20 % ekstraerverv) innan fagfeltet medisinsk- og helsefagleg pedagogikk, i 3 år frå tilsetjing. Ekstraervervet er knytt til fast relevant hovudstilling (minimum 50 %) utanfor universitetet i Bergen. Arbeidsstad er ved Eining for læring i Bergen.
Eining for læring er ei fagleg eining med vitskapleg tilsette som har oppgåver knytt til utdanningsfagleg kompetanseheving av anna vitskapeleg personell ved fakultetet samt forsking innanfor det medisinsk-pedagogiske fagfeltet. Eininga har no 2,7 årsverk fordelt på 4 tilsette i faste og mellombelse stillingar.
Stillingsinnehavaren i den utlyste stillinga skal inngå i Eining for læring sitt team og vil ha arbeidsoppgåver knytt til eininga sitt mandat. Hovudoppgåva for stillinga er undervising, formidling og forsking innan medisinsk pedagogikk. Den som vert tilsett vil bli knytt til forskargruppa Medical Education Research Group ved fakultetet.
Reiseverksemd må påreknast for å nå tilsette med arbeidsplass ulike plasser i regionen.
Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved eininga og fakultetet vil bidra til framifrå undervising og forsking. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren. Uttak av arbeidstid må avklarast med fakultetet og hovudarbeidsgjevar før tilsetjing.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde for førsteamanuensis
Den som vert tilsett skal arbeide med utdanningsfagleg kompetanseheving av det vitskapelege personalet og ta del i strategisk arbeid for å styrke utdanningskvaliteten ved fakultetet sine studieprogram samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Undervisninga i stillinga er knytt til Eining for læring si emneportefølje, og til utvikling av denne. Den som vert tilsett i stillinga skal støtte opp under utviklinga av Vestlandslegen på Campus Stavanger, Førde og Haugesund i tillegg til Bergen.
Rettleiing av studentar og stipendiatar og forsking inngår i stillinga.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde for universitetslektor
Den som vert tilsett skal arbeide med utdanningsfagleg kompetanseheving av det vitskapelege personalet og ta del i strategisk arbeid for å styrke utdanningskvaliteten ved fakultetet sine studieprogram samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Undervisninga i stillinga er knytt til Eining for læring si emneportefølje, og til utvikling av denne. Den som vert tilsett i stillinga skal støtte opp under utviklinga av Vestlandslegen på Campus Stavanger, Førde og Haugesund i tillegg til Bergen.
Rettleiing av studentar og forsking kan inngå i stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar for førsteamanuensis:
Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå innan helsefagleg utdanning, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.- kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar samt evne og vilje til samarbeid vert vektlagd ved vurderinga.
Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, men søkjaren må kunne undervise på engelsk for visse målgrupper. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Søkjaren må dokumentere eiga forsking innan medisinsk- eller helsefagleg pedagogikk. Vidare har søkjaren god kjennskap til utdanningsprogram som inngår i fakultetets portefølje. Det vil vert spesielt lagt vekt på tidlegare erfaring med pedagogisk kompetanseheving blant vitskapelege tilsette og at ein demonstrerer innsikt i dei vanlegaste problemstillingane som gjeld for utdannarar i sektoren. Søkjarar med forskingsbasert kunnskap og erfaring innan klinisk undervisning og rettleiing, og om studentaktive undervisingsformer i store studentgrupper vil være av særleg interesse.
Egen helsefagleg utdanningsbakgrunn er eit føremon. Personlege eigenskapar samt evne og vilje til samarbeid vert vektlagd ved vurderinga. Gjennom intervju og prøving av undervisingskompetansen kan dette bli ytterlegare kartlagt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar for universitetslektor
Kvalifiserte søkjarar har mastergrad i eit relevant fagfelt (helsefag eller pedagogikk).
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, men søkjaren må kunne undervise på engelsk for visse målgrupper. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast. Det blir kravd gjennomført innføringskurs i universitetspedagogikk eller tilsvarande, med eit samla omfang på minimum 39 timar.
Søkjaren må dokumentere kjennskap til forsking innan medisinsk- eller helsefagleg pedagogikk. Vidare har søkjaren god kjennskap til utdanningsprogram som inngår i fakultetets portefølje. Det vil vert spesielt lagt vekt på tidlegare erfaring med pedagogisk kompetanseheving blant vitskapelege tilsette og at ein demonstrerer innsikt i dei vanlegaste problemstillingane som gjeld for utdannarar i sektoren. Søkjarar med forskingsbasert kunnskap og erfaring innan klinisk undervisning og rettleiing, og om studentaktive undervisingsformer i store studentgrupper vil være av særleg interesse.
Egen helsefagleg utdanningsbakgrunn er eit føremon. Personlege eigenskapar samt evne og vilje til samarbeid vert vektlagd ved vurderinga. Gjennom intervju og prøving av undervisingskompetansen kan dette bli ytterlegare kartlagt.
Vi tilbyr:
- Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Førsteamanuensis:
Løn er for tida kr 760 000 – 770 000 (kode 1011), eller løn for
spesialist kr 770 000 – 805 000. Løn er brutto
pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg
kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn - Universitetslektor:
Løn er for tida kr 630 000 – 680 000 (kode 1009) brutto pr. år for ei
fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere
høgare løn. - God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
Søknaden skal innehalde for førsteamanuensis:
- Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga.
- Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
- Fullstendig publikasjonsliste
- Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
- Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
- Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
- Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
- Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).
Søknaden skal innehalde for universitetslektor:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
- Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
- Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
- Dersom du driv forsking legg du og ved:
- Fullstendig publikasjonsliste
- Vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf format
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Monika Kvernenes (monika.kvernenes@uib.no).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449838305
- Sist endret


