Ledig stilling som kateket
Sunnfjord kyrkjelege fellesråd
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Sunnfjord kommune med sin vakre og storslåtte natur har eit samla folketal på 22 000 med Førde som eit naturleg sentrum. Sunnfjordkyrkja har eit stort arbeid blant barn og unge. Det er høge dåpstal, oppslutninga rundt konfirmasjon er over 90%, det er god oppslutning om tiltak i trusopplæringa og barnehage/skule-kyrkjesamarbeidet står sterkt. Førde sokn, saman med KFUK-KFUM starta i 2024 eit prosjekt for unge og unge vaksne, KRAFT, som i løpet av 2026/2027 skal integrerast i soknet sitt faste arbeid.
I fellesrådet er det 6 sokn og 40 kyrkjeleg tilsette, dette inkluderer 6 prestar som har bispedømet som arbeidsgjevar. Den nye kateketen skal ha sitt hovudarbeidsområde i Førde og Holsen og Haukedalen sokn, men vil kunne vere med å etablere nye samarbeidsmåtar med andre sokn – spesielt i konfirmantarbeidet.
Vi søkjer ein pedagog som vil ha heilskapeleg ansvar for undervisning og læring. Du er engasjert, kreativ, strukturert og trygg i møte med born og unge. Du er og god på teamarbeid samstundes som du trivst med å leie undervisningsfeltet. Stillinga inngår i eit team med både kyrkjelydspedagogar, ungdomsprest, diakon, kapellan og kantor.
Arbeidsgjevar er Sunnfjord kyrkjelege fellesråd, med kyrkjeverja som næraste leiar og prosten som kyrkjefagleg leiar.
Arbeidsoppgåver
- Hovedansvar for å leie og utvikle undervisningsarbeidet i sokna
- Planlegge, administrere og gjennomføre undervisningsopplegg i tråd med planar
- Medlem av styringsgruppa og medansvar for aktivitetar i KRAFT
- Liturgiske funksjonar på gudstenester
Kvalifikasjonar
- Søkjar bør ha utdanning i samsvar med tenesteordning for kateketar.
- Anna relevant høgare utdanning, fortrinnsvis med kristendom/teologi og pedagogikk i fagkretsen, kan kompensere for manglande utdanning.
- Gode pedagogiske evner og kompetanse til å formidle evangeliet til aktuelle aldersgrupper
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- Trivst med arbeid blant born og unge
- Er god på kommunikasjon og formidling til desse gruppene spesielt
- Har evne til å leie, organisere og gjennomføre aktivitetar og undervisning
- Har evne til å motivere og inspirere
- Står støtt når tempoet er høgt og som viser fleksibilitet når det er naudsynt
- Er god på sjølvleiing og som arbeider planmessig
Vi tilbyr
- Engasjerte kolleger med høg kyrkjefagleg kompetanse
- Moglegheit til å vidareutvikle kyrkjeleg undervisning og læring i Sunnfjord
- Gode kontorlokaler i Førde sentrum
- Pensjonsordning i KLP samt ulykkes- og gruppelivforsikring i Knif
ANNA
- Tilsetting skjer med atterhald om vigsling og at biskopen gir tenestebevis jf. Tenesteordning § 5.
- Tilfredsstillande politiattest må framleggjast ved tilsetting.
- Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja.
- Løn- og arbeidsvilkår er regulert av tariffområde til Hovudorganisasjonen KA og lokale avtalar i Sunnfjord kyrkjelege fellesråd.
- Stillinga er ledig frå 1. august
Kontaktinformasjon
Sissel Vartdal, kyrkjeverje, 48 99 12 57Knut Magne Nesse, prost, 917 13 275
Arbeidssted
Kyrkjevegen 23F6809 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Sunnfjord kyrkjelege fellesrådReferansenr.: 5077137546
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449817731
- Sist endret