Fastlege og avdelingsleiar
Samnanger kommune
- Frist 11.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Samnanger kommune ligg midt mellom Bergen og Hardanger - tett på både by- og naturopplevingar. På helsetunet finn du legekontoret samlokalisert med førebyggande helsetenester (fysio/ergo, helsestasjon mm.) og Samnangerheimen rett over vegen. Legetenesta har fire fastlegeheimlar, der ein er kommunalt tilsett og tre er næringsdrivande med 8.2-avtale. På forkontoret er det tre dyktige og stabile medarbeidarar (helsesekretærar og sjukepleiar).
Legekontoret har eit godt arbeidsmiljø med legar og hjelpepersonell med lang fartstid på helsetunet. Kommunen skal opprette ei ny fastlegeliste med 400-500 pasientar for å ha listekapasitet til innbyggjartalet. Helse og omsorg i Samnanger kommune har gjort ei omorganisering der legekontoret blir etablert som eiga avdeling. For å sikre god drift og utvikling søkjer me ein avdelingsleiar som kan leie legekontoret vidare inn i ei ny tid. Difor søkjer me deg som vil vere med og utvikle helsetenesta i kommunen vidare - i rolla som avdelingsleiar og fastlege. Du kan søkje på heile stillinga eller delar av den, avhengig av kva som passar deg. Fastlegestillinga er 50 % som kommunalt tilsett/2,5 kurative dagar som næringsdrivande og avdelingsleiarstillinga er 30 %.
Arbeidsoppgåver
Fastlege
- Gi helsehjelp til eigne listepasientar i tråd med lover, forskrifter og avtaleverk
- Kollegial fråværsdekning og kommunale oppgåver som dagberedskap
- Deltaking i Bjørnafjorden interkommunale legevakt (vaktsystem 1:15)
Avdelingsleiar
- Overordna ansvar for drift og utvikling av legekontoret
- Personalansvar og leiing av medarbeidarar, inkludert fagleg rettleiing
- Ressurs- og budsjettstyring, samt arbeid med måloppnåing
- Leggje til rette for gode arbeidsprosessar, samarbeid og samhandling med andre tenester i og utanfor kommunen
- Bidra til utvikling av kvalitetsrutinar, pasienttryggleik og innovasjon
Kvalifikasjonar
Krav
- Norsk autorisasjon og politiattest etter helsepersonellova
- God språkforståing og formidlingsevne
Fastlegestilling: - Fullført LIS1-teneste/turnusteneste (for legefunksjonane)
Avdelingsleiarstilling: - Evne til å leie, utvikle og koordinere
Ønskjer
- Spesialisering i allmennmedisin (påbegynt eller fullført) for fastlegestillinga
- Leiarutdanning eller leiarerfarin for avdelingsleiarstillinga
Personlege eigenskapar
- Engasjert, tydeleg og inkluderande som leiar og kollega
- God til å samarbeide på tvers av faggrupper
- Strukturert, sjølvstendig og med blikk for utvikling
- Fagleg nysgjerrig og motivert for å bidra til eit sterkt fellesskap
- Personleg eignaheit og samarbeidsevne vert vektlagt
- Evne til å arbeida effektivt, sjølvstendig og ha gode formidlingsevne
- Interesse og engasjement for allmenmedisin
Me tilbyr
- ALIS-avtale og støtte til spesialisering i allmennmedisin
- Trivelege lokale med stabilt fagmiljø
- Moglegheit for heimekontor ved behov
- Ein arbeidskvardag med høg grad av fagleg variasjon og stor påverknadskraft
- I fastlegestillinga val mellom fastlønsstilling eller næringsdrift (8.2-avtale)
- Godtgjersle for næringsdrivande for deltaking i kommunal ordning for øyeblikkeleg hjelp på dagtid
- Økonomisk stønad til kursdeltaking
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449816394
- Sist endret