Ferie- og tilkallingsvikarar som sjåfør/vaktmeister
Voss herad Område vest
- Frist 31.3.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Voss Sjukeheim har ledige ferie- og ringevikariat som sjåfør/vaktmeister. Oppmodar gjerne pensjonistar til å søkja.
Me vil gjere tilsetjinger fortløpande.
Om arbeidsstaden
Voss Sjukeheim er ein institusjon som tilhøyrer område Vest og ligg vegg i vegg med Voss Sjukehus og er i gangavstand frå Voss sentrum. Voss Sjukeheim består av ein kortidsavdeling med 3 interkommunale ØH-senger, ein langtidsavdeling samt Sone vest, som dekkjer heimesjukepleie og heimehjelps oppgåver i område Vangen sentrum til Bolstad i vest. Sjåførane er organisert under Område Vest, avd. Fellestenester som har ansvar for pasienttransport/mattransport/vaktmeisteroppgåver og vaskeridrift, men ein vil arbeida ut mot alle avdelingar i helse og omsorg.
Arbeidsoppgåver
Me ser etter fleire arbeidskollegaer som kan arbeide som sjåfør/vaktmeister ilag med oss, som ringevikar og ved ferieavvikling.
Her vil du ha eit tett samarbeid med dei ulike avdelingane.
Sentrale arbeidsoppgåver vil være
- Køyra brukarane til og frå dagsenter
- Samarbeide både med dagavdelinga, heimetenesta, sjukeheimane og pårørande.
- Diverse køyring mellom sjukeheimane, tannlegekøyring, turkøyring m.m.
- Delaktig i utarbeidelsen av kjørerutene/logistikken
- Vaktmeisteroppgåver m.m.
Arbeidstid frå måndag til fredag, dagtid. Du vil være tilknytt eit godt arbeidsmiljø med travle dagar saman med våre 5 andre sjåfør/vaktmeister.
Me søkjer
- Førarkort kl. D1 (Minibuss)
- Kompetansebevis for yrkessjåfør (YSK)
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt og fleksibel
- Nøyaktig
- Punktleg
- Ansvarsbevisst
- Gode norsk kunnskapar
Me vektlegg personlege eigenskapar som stå på vilje, glad i utfordringar og har ynskje om å vidareutvikle våre tenester og bidra i arbeidsmiljøet vårt.
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga.
Me tilbyr
- Om kompetansebeviset ditt (YSK) har gått ut, kan vi tilby å dekkja 35t oppdateringskurset i regi av Transportkompetanse Haugesund AS. Kursa arrangeres på Voss, mot at du binder deg som ringevikar for ein periode 2 år.
- Spennande og utfordrande stilling i ein kommune i utvikling
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Godt arbeidsmiljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449770497
- Sist endret