Sjukepleiar/Paramedisiner
Interkommunale helsetenester, Stad kommune
- Frist 24.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Kjenn pulsen på Nordfjord - bli ein del av oss på Interkommunale helsetenester!
Likar du at ingen dagar er like? At du kan gjere ein forskjell når det gjeld som mest? Er du sjukepleiar eller paramedisinar som trivst i akutte situasjonar og når kompetansen din kjem til nytte?
Interkommunale helsetenster (IKHT) i Nordfjord er ein del av akuttberedskapen i Nordfjord, og dekkjer kommunane Stryn, Stad og delar av Kinn (gamle Vågsøy kommune), med tilsaman 22500 innbyggjarar.
Stad kommune er vertskommunen for interkommunale helsetjenester, og er lokalisert ved Nordfjord sjukehus.
Interkommunale helsetenester:
- Legevaktformidling 116117
- Legevakt
- Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØHD)
På IKHT jobbar du tett saman med lege, sjukepleiar og anna helsepersonell.
Korleis ser ein arbeidsdag ut? Kort sagt så er ingen vakter like.
Interkommunale helsetenester har ledig:
1 x 100 % fast stilling inkludert 12 % frie timar, frå d.d.
1 x 84 % fast stilling inkludert 12 % frie timar, frå 01.06.26
Stillingane har tredelt turnus, og arbeid på to av sju helgar med langvakter.
Er du på søken etter ei stilling med faglege utfordringar, allsidig arbeidskvardag og personlig utvikling? Då er dette stillinga for deg!
Arbeidsoppgåver
- Triagering, rådgiving og rettleiing på legevakt telefon 116117
- Mottak, vurdering og behandling av pasientar på legevakt
- Pasientoppfølging og pleie av pasientar på ØHD
- Akutte vurderingar i tett samarbeid med lege, AMK og ambulansetjeneste
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar eller paramedisiner med interesse for akuttmedisin
- Liker å bruke breiddekompetansen i faget
- Kan ta eigne vurderingar og jobbe i ein uføresett arbeidskvardag
- Er løysningsorientert og likar tverrfagleg samarbeid
- Har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå akuttmedisin - legevakt, akuttmottak eller ambulansetjeneste er ein fordel.
- Førarkort kl B for utrykning av legevaktbil saman med lege.
Personlege eigenskapar
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du kommuniserer godt i akutte og krevjande pasientsituasjonar
- Du er fleksibel, serviceinnstilt og imøtekomande
- Du trivast i ein jobb der ingen dagar er like
- Du tek medansvar for eit godt arbeidsmiljø
- Du er ryddig og held orden rundt deg
- Du tilegner deg relevant fagleg kunnskap
Vi tilbyr
- Ein variert arbeidskvardag
- Godt fagleg arbeidsmiljø med høg trivsel, der ein har moglegheit for å opparbeide seg brei helsefagleg kompetanse
- Tredelt turnus med langvakter helg. Tilrettelagt for kvile på langvakter
- Sjukepleiar i turnus gis eit rekrutteringstillegg på kr. 30.000 over garantiløna etter hovudtariffavtalen kap. 4.
- Moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr. 28 000,- for inntil 60 studiepoeng for relevante studier/vidareutdanningar
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referanser av nyare dato.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi håpar at nettopp du søkjer og blir vår nye kollega på Interkommunale helsetenester Nordfjord.
Kontaktinformasjon
Grete Aud Totland, einingsleiar Interkommunale helsetenester, 95819005Arbeidsstad
Sjukehusvegen 146770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5070234056
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449669813
- Sist endret
