Kjøkkenassistent
Time kommune
- Frist 22.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Kjøkkenassistent
Kjøkkenassistent i kafe og kantine
Me søker ein fleksibel og løysningsorientert person til teamet vårt! Som kjøkkenassistent vil du ha ein variert arbeidskvardag både i kantine og kafé.
Kommunen har ei avdeling som er organisert under Helse og velferd, "Time Frivilligsenter kafe og aktivitet". I avdelinga vert det drive kafe- og aktivitetstilbod retta mot innbyggarane i kommunen, samt frivilligsentral. Me er lokalisert i Sivdamssenteret, Røyrvika 10. I tillegg har me ansvaret for kantina på Rådhuset.
Det er nå ledig ein fast stilling på 80%, som kjøkkenassistent. Det er totalt 6 tilsette i avdelinga,derav 2 kokker, som du vil ha eit tett samarbeid med. Du vil ha arbeidsoppgåver både i kantina og kafeen.
Arbeidsoppgåver
- Kundebehandling og service i kafé/kantine
- Samarbeid med kollegaer og sjølvstendig arbeid
- Tilbereiing og servering/salg av mat
- Stå i kassen og bestilla varer
- Bidra til eit ryddig og hygienisk arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Du må vera over 18 år
- Du må ha erfaring frå liknade arbeid
- Ha datakunnskap eller vera villeg til å læra deg dette
- Beherska norsk munnleg og skriftleg
- Fordel om du har sertifikat klasse B (manuell)
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar vil verta særleg vektlagt
- Du må vera serviceinnstilt, kunne ta ansvar og vera fleksibel
- Ha gode samarbeidsevner og vera løysningsorientert
- Vera trygg på deg sjølve og trivast med å arbeida sjølvstendig
- Vera villeg til endring av arbeidsoppgåver om det er behov for det
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff/avtale
- Ein spanande og variert arbeidskvardag
- Gode kollegaer
FerdigheterAI-generert
- Kasseapparat
- Mattilbereding
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Røyrvika 10, 4344 Bryne
- Bransje: Annet
- Stillingsfunksjon: Kjøkken- og kantinemedarbeider
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Kantine, Kjøkken, Kafe
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449650129
- Sist endret
