Vil du jobba med å fremja trivsel, nærvær og ein berekraftig arbeidskvardag?
Lærdal kommune Helse og omsorg
- Frist 28.2.2026
- Ansettelsesform Prosjekt
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.
Lærdal kommune arbeider med eit treårig utviklingsprosjekt som skal styrke det systematiske arbeidet med å førebygge sjukefråvær og skape helsefremjande arbeidsplassar. Målet er å fremje trivsel, nærvær og ein berekraftig arbeidskvardag for alle tilsette.
Vi søkjer no ein offentleg godkjent fysioterapeut med engasjement for både systematisk helsearbeid og klinisk oppfølging. Du vil få ei sentral rolle i oppfølginga av prosjektet – og ansvar for at arbeidet vert vidareført og integrert i ordinær drift etter prosjektperioden.
I tillegg vil stillinga omfatte kurativt arbeid retta mot vaksne pasientar i arbeidsfør alder.
Arbeidsoppgåver:
Prosjekt og systemnivå
- Jobbe tett med einingsleiarar for å førebygge sjukefråvær og styrke positive nærværsfaktorar i organisasjonen.
- Utvikle og gjennomføre frisklivstiltak for tilsette.
- Rettleie og gi fagleg rådgjeving til leiarar og medarbeidarar.
- Bidra til tilretteleggingstiltak på arbeidsplassen.
- Ha systematisk kontakt og samarbeid med fastlegar, NAV/Arbeidslivssenteret, vernetenesta, frisklivssentralen og andre relevante aktørar.
- Planleggje og gjennomføre konkrete nærværstiltak på utvalde arbeidsplassar.
Kurativt arbeid
- Pasientbehandling og individuell oppfølging, i hovudsak vaksne i arbeidsfør alder.
- Tverrfagleg samarbeid rundt pasientar – både på individ- og systemnivå.
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga etter avtale.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent fysioterapeut med norsk autorisasjon.
- Erfaring frå prosjektarbeid er ein fordel.
- Erfaring frå arbeid med arbeidshelse er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar
Me legg særleg vekt på at du:
- jobbar sjølvstendig, strukturert og målretta
- kommuniserer godt og trivst med samarbeid
- har ei positiv og løysingsorientert tilnærming
- er lyttande, motiverande og trygg i møte med andre
- er komfortabel med å presentere og snakke i større forsamlingar
- er nysgjerrig, engasjert og utviklingsorientert
Me tilbyr
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Moglegheit for kurs og etterutdanning
- Eit godt arbeidsmiljø med trivelege og dyktige kollegaer
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449641778
- Sist endret
