Byggeleiar Fv. 60 Tomasgard - Røyrhus
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 26.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Byggeleiar Fv. 60 Tomasgard - Røyrhus
Vi søker etter byggeleiar for Fv. 60 Tomasgard – Røyrhus
Møre og Romsdal fylkeskommune forbereder no bygging av fylkesveg 60 på strekninga Tomasgard – Røyrhus. Strekninga ligg i Volda og Stranda kommunar, med ei samla lengd på omlag 13 km.
Prosjektet vil bli gjennomført etappevis, tilpassa løyvingane. Første entreprise er forventa utlyst i 2027.
Prosjektet er under oppbemanning, og vi søkjer no ein erfaren byggeleiar.
Prosjektkontor blir i tilknytning til entreprenørens rigg på anlegget. Før byggestart blir oppmøtestad på Fylkeskommunen sitt kontor i Ålesund (NMK) eller midlertidig prosjektkontor i Volda (Furene)
Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av
fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag 50 tilsette med kompetanse innanfor
prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til Bypakke Ålesund, tunneloppgradering, veginvestering og ei rekkje bruer og ferjekaier.
Arbeidsoppgåver
- Utarbeide kontraktstrategi- Følge opp prosjektet gjennom alle fasar frå planlegging, prosjektering og anskaffing til gjennomføring og
overlevering. Leie prosjektet på anlegget
- Ha ansvar for å levere prosjektet innafor definerte mål for HMS, ytre miljø, økonomi, framdrift og kvalitet.
- Rapportere til prosjektleiar og bistå prosjektleiar i den overordna styringa av prosjektet
- Samarbeide med dei andre byggeleiarane og kontrollingeniørane i prosjektet og i avdelinga.
Kvalifikasjonar
- Bachelor eller master i ingeniørfag. Teknisk fagskole med relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.- Erfaring i teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar.
- Det er ønskeleg med god kjennskap grunnarbeider/anleggsprosjekt
- Det er ønskeleg med god kjennskap til prosesskoden
- God kjennskap til digitale verktøy
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Vilje og evne til å samarbeide med, og involvere interne og eksterne partar.- Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Du er utviklings- og løysningsorientert
- Arbeide nøyaktig og målretta.
- Sjå behov og ta ansvar.
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
FerdigheterAI-generert
- Anskaffelser
- Digitale ferdigheter
- Ingeniørarbeid
- Planlegging- og realisering av byggeprosjekter
- Prosjektering av byggeprosjekter
- Teknisk utdannelse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
- Sektor: Offentlig
- Sted: Borgundvegen 340, 6009 Ålesund
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bygg/Anleggsleder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Byggeleiar veg, Byggeleder vei, Ingeniør bygg og anlegg, Vegingeniør, Vei ingeniør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449633971
- Sist endret
