Helsesjukepleiar, vikariat
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
- Frist 22.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Har du engasjement for barn og unge og ønskjer å jobbe helsefremjande og førebyggjande i eit fagleg sterkt miljø? Skjåk kommune har ledig 100 % vikarstilling som helsesjukepleiar, der du blir ein del av helsestasjon i utvikling og eit engasjert, tverrfagleg kollegium.
Vikar som helsesjukepleiar 100 % stillingSkjåk kommune har ledig 100% vikarstilling som helsesjukepleiar frå dags dato til og med 31.12.26. Stillinga er for tida ved helsestasjon- og skulehelsetenesta.
Du vil bli ein del av Lom og Skjåk helsestasjon som var slått saman frå 1. januar 2023. Helsestasjon er stadig i utvikling og du vil bli ein del av eit kollegium som er engasjerte, løysingsorienterte og arbeider til det beste for barn og unge.
Arbeidsoppgåver
-
Arbeid som helsesjukepleiar jf. nasjonalfaglege retningslinjer for helsestasjon og skulehelsetenesta
-
Arbeide med helsefremjande og førebyggjande arbeid på individ, gruppe og samfunnsnivå
-
Delta i tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
-
Godkjent helsesjukepleiar
-
Anna helsefagleg utdanning på høgskulenivå kan vurderast
-
God norskkunnskap både munnleg og skriftleg, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
-
Gyldig politiattest
-
Førarkort klasse B
Vi vektlegg at du
-
Har erfaring frå helsestasjon/skulehelseteneste
-
Er sertifisert i/har god kjennskap til COS-P, PMTO, TIBIR, Tuning in to teens, ICDP eller andre foreldrerettleiingsmetoder
-
Er personleg og fagleg trygg
-
Har eit ønskje om å utvikle deg sjølv og faget
-
Kan kommunisere godt med både barn og vaksne
-
Er strukturert, jobbar sjølvstendig og ser verdien av å samarbeide
-
Har gode samarbeidsevner
-
Har engasjement for målgruppa til helsestasjonen
-
Er positiv og ser gode løysingar
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
-
Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
-
Pensjonsordning i KLP
Spørsmål om stillinga kan rettast til Stine Brenna telefon 967 67 746.
Søknadsfrist 22.03.26
-
Elektronisk søknadsskjema
-
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar.
Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Vil du vite meir om oss?
Les meir om bygda og barnehagane våre på: Skjåk kommune
Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Ta gjerne kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902 .
Meir informasjon om å livet i bygda finn du på www.skjak.no
Sletting av studielån
Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen - da kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år?
Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449630132
- Sist endret