Ambulansearbeidar/Paramedisinar
Kirurgisk serviceklinikk/ Akuttmedisinsk avdeling, Helse Bergen HF
- Frist 16.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Akuttmedisinsk avdeling, AMA, er ein avdeling under Kirurgisk Serviceklinikk, og har ansvaret for all ambulansedrift (bil, båt, helikopter) samt nødmeldetenesta i Helseføretaket. Avdelinga har om lag 360 tilsette. Avdelinga er i dag organisert i 3 ambulanseseksjonar, 1 AMK seksjon og 1 Luftambulanse seksjon.
Vi søker etter autorisert Ambulansearbeidar/Paramedisinar i ambulansetenesta og har ledig følgande stillingar:
Sentrum Ambulansestasjon:
1 x 91% vikariat frå 09.03. til 09.08.2026
1 x 84% vikariat frå 09.03. til 09.08.2026
1 x 50% vikariat frå 09.03. til 30.09.2026
1 x 33% vikariat frå 09.03.2026 til 03.01.2027
1 x 100% vikariat frå 09.03.2026 til 07.03.2027
1 x 97% vikariat frå 09.03.2026 til 07.03.2027
1 x 40% vikariat frå 09.03.2026 til 07.03.2027
Søkarar som blir kalla inn til intervju vil i vidare vurdering måtte gjennomføre følgande testar:
* Fysisk test
* Fagleg utsjekk
* Køyreutsjekk
Oppgi gjerne i søknaden kva stilling(ar) du søker.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som ambulansearbeidar/paramedisinar
- Førarkort kl. C1 og ønskeleg med utrykkingskøyring (kode160)
- Plettfri vandel. Vandelsattest må leggast fram før tilsetting
- Anna helsefagleg bakgrunn med ambulanseerfaring kan vurderast
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, påliteleg, serviceorientert og fleksibel
- God fysisk og psykisk helse
- Evne til å ta raske avgjerder og til å arbeide sjølvstendig
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Søkar sine personlege eigenskapar tel mykje ved tilsetting
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Vi tilbyr gode turnusordningar
- Vi tilbyr fagdagar med kompetanseheving
- Stasjonen har gode treningsfasilitetar og mange spennande oppdrag både sommar og vinter
- Det er godt samarbeid med dei andre nødetatane
- Gode kollegaer i eit triveleg miljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Aina Skjolddal, Ass. seksjonsleiar, 95233745Otto Sætre-Hansen, Seksjonsleiar, 95890490
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5076107470
Stillingsprosent: 100, 97, 91, 84, 50, 40, 33%
Vikariat
Søknadsfrist: 16.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449628529
- Sist endret

