Personleg assistent
Aurland kommune
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Vikariat
Me har ledig ei mellombels stilling som brukarstyrt personleg assistent frå snarast. Stillinga er eit vikariat i om lag 70 % fram til 17.08.26, med moglegheit for både utvida stillingsprosent og forlenging av perioden. Dette ved å kombinere vikariatet med meir jobb i tiltaket, eller annan jobb i bu og miljø.
Stillinga er til ein mann med behov for assistanse i kvardagen. Det er til saman fire personlege assistentar i dette tiltaket. Brukaren bur i eige husvære saman med familien, og nyttar ei helg i månaden i avlastingsbustad. I arbeidet som personleg assistent får du høve til å gjere ein stor forskjell for eit anna menneske. Jobben er variert og gjevande, med gode vilkår.
Personleg assistanse er organisert under kommunalområde helse og omsorg, avdeling bu og miljø. Bu- og miljø vart oppretta i 2018. Det er om lag 30 tilsette ved avdelinga.
Me gir omsorg og oppfylging til brukarar med ulike behov. Meistring av kvardagslege aktivitetar og sosial deltaking står i fokus. Me jobbar aktivt for å sikre fagleg kvalitet og gode tenester. Tenester som heildøgns omsorg i bufelleskap, brukarstyrt personleg assistent (BPA), avlasting, støttekontakt og omsorgsstønad ligg til eininga. Me har også ansvar for å bygge opp aktivitetstilbod til målgruppa.
Me har høgt fokus på fagutvikling, og jobbar aktivt for å sikre gode tenester.
Arbeid og ansvarsområde
Me ynskjer at du er ein ressurs og ein god samtalepartnar. Du vil vere ein del av kvardagen til brukaren og delta i aktivitetar og i sosiale samanhengar etter ynskje frå brukaren.
Han treng også hjelp til:
- praktiske og daglege gjeremål
- transport til ulike aktivitetar med meir
- personleg stell
- trening
- måltid
- nytte hjelpemidlar
- helseoppfylging
Me tilbyr
- løn etter tariff
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- ekstra laurdag og søndagstillegg (+ kr 10 per time over tariff)
- gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (førebels velferdsordning)
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar
- helserelatert utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav for tilsetjing
- erfaring frå arbeid i helse og omsorg er ynskjeleg
- personlege eigenskapar er ein viktig del av kvalifikasjonsvurderinga for denne stillinga
- førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
Me vil vektlegge gode samarbeidsevner og desse personlege eigenskapane:
- imøtekomande, tillitsbyggande og kan skape gode relasjonar
- trygg på deg sjølv i rolla di, ansvarsfull og tolmodig
- fleksibel, løysningsorientert og taklar stress i periodar
Vi ser etter deg som er fleksibel, omsorgsfull, tolmodig, som ynskjer å gjere ein forskjell, og ha eit grunnleggande ynskje om å bidra til å gjere andre sin kvardag betre.
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova av nyare dato, skal vere levert og vurdert innan du byrjar i stillinga
Turnusen er delt opp med dagvakter og seinvakter. Det kan også vere aktuelt med helg m/døgnvakt. Det kan vere moglegheit for å slå saman vakter slik at ein kan jobbe langvakter i vekedagar. Det kan også leggast til rette for korte vakter på helg om det er ynskjeleg.
Krav til språk
Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
NB! Me overfører tilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449625116
- Sist endret

