Sommarvert
Kraftmuseet - Norsk Vasskraft- Og Industristadmuseum
- Frist 3.3.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommarjobb på Kraftmuseet og Kraftlaben
Er du glad i å snakka og fortelje historier? Har du lyst til å lære noko nytt, og formidla det vidare til andre? Søk sommarjobb hos oss!
Vi treng fleire sommarvertar både på vitensenteret Kraftlaben i Odda, og Kraftmuseet i Tyssedal. Som sommarvert er du vårt ansikt utad og det er du som møter gjestene. Hos oss vil du læra om, og jobba med nokre av dei heitaste tema for tida – straum og energi.
Arbeidsoppgåver, Kraftmuseet i Tyssedal:
Ta imot kvar enkelt gjest og få dei til kjenne seg velkomne .
Formidla historie
Omvising i den gamle kraftstasjonen
Enkel kafédrift
Resepsjon og butikk
Reinhald og orden, og oppgåver knytt til opning, stenging og drift.
Gjere førefallande oppgåver og løyse utfordringar undervegs
Arbeidsoppgåver, vitensenteret Kraftlaben i Odda:
Ta imot både born og vaksne og delta aktivt i besøksopplevinga deira
Gjennomføre eksperiment og aktivitetar inne og ute
Gjerne bruke eigne interesser og idear i aktivitetane, ha ei leikande og kreativ vertsrolle
Synleggjere tilbodet i Vitenparken og i området rundt
Reinhald og orden, og oppgåver knytt til opning, stenging og drift.
Gjere førefallande oppgåver og løyse utfordringar undervegs
Vi søker deg som:
Likar menneske, og er imøtekommande og hyggeleg
Er ansvarleg, kreativ og påliteleg
Er initiativrik og har blikk for kva som kan gjerast for å gjere besøksopplevinga endå betre
Har gode munnlege evner i norsk og engelsk, og gjerne andre språk.
Du treng ikkje særskilde kunnskapar på førehand, så lenge du likar å lære og ikkje er redd for å utfordre deg sjølv
Som vert hos oss får du:
Timelønn, kontrakt og ordna arbeidsforhold
Variert arbeidserfaring med sjølvstendigheit og ansvar
Lære spanande nye ting innan aktuelle og varierte tema
Eit inkluderande arbeidsmiljø der du blir ein viktig del av teamet på museet
Ein spanande og sosial sommar, der ingen dagar er like
All opplæring du treng i jobben, og oppfølging undervegs
Sommaren er for kort til å ha ein kjedeleg sommarjobb – send ein søknad til oss!
Skriv litt om deg sjølv, kva interesser du har og om du har arbeidserfaring frå før. Som sommarvert blir du tilsett på heile museet, men vil vanlegvis vere fast på ein arena. Skriv gjerne i søknaden kva for arena du helst vil jobbe på.
Send søknad og CV til: post@kraftmuseet.no. Søknadsfrist 1. mars.
Ferdigheter
- Gode norsk- og engelskkunnskaper
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Kunst og kultur, Museer, gallerier og kulturminne, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Kultur og museum, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
sommarjobb, kraftmuseet, historiefortelling, eksperiment, museum
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449476382
- Sist endret


