Helsepersonell ved Interkommunale helsetenester Nordfjord
Interkommunale helsetenester, Stad kommune
- Frist 24.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Interkommunale helsetenester er akuttberedskapen i Nordfjord og har et vidt spekter av oppgåver og utfordringar som skal løysast.
Stad kommune er vertskommune for interkommunale helsetenester. Eininga omfattar legevakt, legevaktformidling og øyeblikkelig hjelp døgneining. Tenesta dekkjer kommunane Stryn, Stad og delar av Kinn (tidlegare Vågsøy kommune).
Vi er ein spennande arbeidsplass der ein kvar dag "kjenner pulsen på Nordfjord"- litt action, godt arbeidsmiljø og ein får utfordre seg sjølv.
Vi har ein arbeidskvardag med stor variasjon, faglege utfordringar og tett tverrfagleg samarbeid. Hos oss er du ein del av eit engasjert team med lege og sjukepleiarar
i tett samarbeid med ambulansetenesta.
Jobben som helsepersonell ved IKHT er svært variert, og ingen vakter er like.
Interkommunale helsetenester har ledig:
14 % fast stilling
Stillinga har arbeid laurdag og søndag kvar 3. helg . Arbeidstid er 10:00 til 17:30.
Er du på søken etter ei deltidsstilling med faglege utfordringar og personlig utvikling ? Då er dette stillinga for deg!
Arbeidsoppgåver
- Tilrettelegge og assistere ved skader, traume og akutt sjukdom
- Observasjon, pleie og behandling av pasient
- Samhandle med helseforetak og andre kommunale teneste for koordinering av helsehjelp for innbyggjarane
Kvalifikasjonar
- Fagarbeidar eller sjukepleiestudent med interesse for akuttmedisin
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- God munnleg framstillingsevne på engelsk
- Ynskje om førarkort kl B .
Personlege eigenskapar
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du kommuniserer godt i akutte og krevjande pasientsituasjonar
- Du er fleksibel, serviceinnstilt og imøtekomande
- Du trivast i ein uforutsigbar og hektisk kvardag med høg aktivitet
- Du har medansvar for eit godt arbeidsmiljø
- Du er ryddig og held orden rundt seg
Vi tilbyr
- God opplæring og oppfølging
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Øving i akuttmedisin
- Godt fagleg arbeidsmiljø med høg trivsel
- løn etter tariff
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referanser av nyare dato.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Kontaktinformasjon
Grete Aud Totland, einingsleiar Interkommunale helsetenester, 95819005Arbeidsstad
Sjukehusvegen 146770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5071062700
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449431608
- Sist endret
