Ledige stillingar i Leikvang barnehage og Flatraket barnehage
Stad kommune
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Stad kommune har ledige stillingar som barnehagelærar og barne- og ungdomsarbeidar i Leikvang barnehage og Flatraket barnehage.
Vi har ledige både faste stillingar og vikariat, i heiltid og deltid
Leikvang barnehage:
Barnehagelærar i 100% fast stilling frå 01.04.26
Barne- og ungdomsarbeidar
- 80%, fast stilling frå 01.03.26
- 80% vikariat frå snarast - 14.08.26.
- 100 % vikariat frå snarast - 14.08.26.
Leikvang barnehage ligg på Leikanger, Stadlandet. Det er gangavstand til skule, fotballbane og andre fritidsområder. Naturen har vi rett utanfor barnehagen, med kort veg til både fjell og fjøre. Barnehagen har 3 avdelingar, 1 småbarnsavdeling med barn frå 1-3 år og 2 storbarnsavdelingar med born frå 3-5 år. Det er omlag 56 born og 13 tilsette i barnehagen.
Flatraket barnehage:
Barne- og ungdomsarbeidar i 60 % fast stilling frå snarast.
Flatraket barnehage ligg sentralt på Flatraket med gangavstand til skule, eldretun flyktningsbustad , butikk, industri, gard, fotballbane og ein nydelig natur med både skog og fjøre. Vi har og ein eigen liten grønnsakshage ved siden av barnehagen. Vi har eit nært samarbeid med skulen, særskilt siste året før barnet byrjar på skulen.
Flatraket barnehage har 1 aldersblanda avdeling med born frå 1- 5 år. Det er omlag 19 born og 5 tilsette i barnehagen.
Målet vårt er å saman med foreldra gi barna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.
Arbeidsoppgåver
Barnehagelærar:
- Arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen
- Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
- Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
- Samarbeide med føresette, interne og ekstrene samarbeidspartnarar
- Samarbeide med øvrige tilsette
- Rettleiingsansvar for øvrige tilsette
Barne- og ungdomsarbeidar:
- Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
- Dagleg oppfølging av barna
- Legge til rette for leik som gir læring og utvikling for barna
- Delta og bidra i samarbeid med kollegaer og føresette
Kvalifikasjonar
- For stilling som barnehagelærar er det krav om 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar
- For stilling som fagarbeidar er det krav om fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Ufaglærte med lang praksis og motivasjon til å ta fagbrev kan bli vurderte
Personlege eigenskapar
- Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, munnleg og skriftleg
- Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og du kan jobbe sjølvstendig
- Du har evne til å sjå det enkelte barnet
- Du har evne til å handtere ei større barnegruppe
- Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
- Du kan kommunisere med menneske med ulike kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn
Vi tilbyr
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
- Godt og nært fagleg samarbeid
- Løns-og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Søkjarar må laste opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden.
Dei som vert tilsette må leggje fram politiattest av nyare dato.
Stad kommune har prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
For meir informasjon ta kontakt med den enkelte styrar.
Kontaktinformasjon
Evy Henriette Hagen, styrar Leikvang barnehage, 90 96 37 35, evy.henriette.hagen@stad.kommune.noHelena Fure, styrar Flatraket barnehage, 91 18 71 36, helena.fure@stad.kommune.no
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5072806967
Stillingsprosent: 100, 80, 60%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 22.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449427607
- Sist endret
