Instituttleder
Universitetet i Bergen
- Frist 02.03.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Senterleiar ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Vil du leie eit internasjonalt og tverrfagleg forskingssenter?
Ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) er det frå 1. august 2026 ledig ei åremålsstilling som senterleiar. Åremålsperioden for stillinga er på fire år, med høve til å søkje om inntil ein ny åremålsperiode.
Kvifor søkje?
Som senterleiar får du ein unik moglegheit til å leie, utvikle og påverke.
Stillinga er både utfordrande, mangesidig og ansvarsfull. Du vil arbeide i eit spennande og mangfaldig miljø med dyktige og inspirerande kollegaer, der du skal vera med på å forme senteret slik at både tilsette og studentar får gode vilkår for læring, utvikling og trivsel.
I stillinga vil du få god moglegheit til å utvikle deg sjølv som leiar med støtte frå fakultet, dekanat og universitetsleiing. I tillegg gir stillinga rom for å kombinere fagleg leiarskap med stort rom for eiga forskingsverksemd. Stillinga inneheld såleis både leiing, undervisning og tid til eiga forsking.
Om senteret:
SKOK er eit forskingsmiljø med spisskompetanse på teori innanfor det tverrfaglege kjønnsforskingsfeltet. Som senterleiar skal du bidra i utviklinga av denne kompetansen i forskingsmiljøet.
SKOK har eit breitt mandat og skal tene heile Universitetet i Bergen ved å initiere, koordinere og gjennomføre forsking og undervisning i kjønnsstudium. I tillegg til undervisningsoppgåver på lågare og høgare grad, er det ein viktig del av den faglege verksemda å arrangere opne seminar som er relevante både for interne forskarar, for det større universitetssamfunnet og for omverda.
SKOK er eit tverrfakultært og tverrfagleg forskings- og undervisningssenter. Staben består av ein leiar, 2,5 faste førstestillingar, ei postdoktorstilling og to ph.d.-stipendiatar, og ein administrativ stab som er felles med Senter for vitskapsteori. SKOK har det faglege ansvaret for bachelorprogram og årsstudium i kjønn, seksualitet og mangfald. SKOK tilbyr i tillegg ph.d.-kurs både i eigen regi og i regi av den nasjonale forskarskulen i kjønnsforsking. Les meir om senteret her (https://www.uib.no/skok) og senterets strategi her. (https://www.uib.no/skok/168702/skoks-strategi)
Arbeidsoppgåver og ansvar:
Som senterleiar har du det faglege, administrative og strategiske leiaransvaret for arbeidet ved senteret, samarbeidet med dei ulike fakulteta ved Universitetet i Bergen, og med nasjonale og internasjonale fagmiljø. Dette inkluderer òg strategisk arbeid for fagområdet på nasjonalt og internasjonalt plan. Senterleiar rapporterer til dekanen ved Det humanistiske fakultet og til eit tverrfakultært samansett styre.
Stillinga inneber ansvar for forsking og prosjektinitiering innan kritisk kjønns-, seksualitets- og mangfaldsforsking, og eit overordna ansvar for å auke og motivere tilsette til å skaffe ekstern forskingsfinansiering.
Senterleiar har eit overordna fagleg ansvar for formidling og undervisning, og skal bidra til å sikre høg fagleg kvalitet i studieprogramma. Leiar skal også bidra til å vidareutvikle den faglege verksemda ved SKOK. Stillinga inneber ansvar for personale, ressursbruk, og undervisnings- og forskingsmessige resultat ved senteret.
Vi søkjer ein senterleiar som:
Vi søkjer ein senterleiar som:
- Bør vere ein merittert kjønnsforskar, normalt med professorkompetanse.
- Har fagleg kompetanse med kjønnsforsking som sentral del av forskingsprofilen.
- Har fagleg-administrativ leiarerfaring frå sektoren eller andre komplekse organisasjonar med faglege oppgåver.
- Har kompetanse i å planleggje og implementere forskingsprosjekt, ikkje minst tverrfaglege prosjekt, erfaring med innhenting av ekstern finansiering og erfaring med rekruttering av yngre forskarar.
- Har ei internasjonal orientering.
Som leiar bør du ha:
- Ein motiverande, open, målretta og inkluderande leiarstil.
- Solide kommunikasjonsevner.
- Solide evner til å byggje gode relasjonar og samarbeid til dei tilsette ved senteret og til andre fagmiljø.
- Høg integritet og evne til å skape tillit.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt i vurderinga.
Forvaltningsspråket på UiB er norsk, og ein føreset at den som vert tilsett kan eit skandinavisk språk.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som gjeld for stillinga.
Hos oss får du:
- Interessante og utviklande leiaroppgåver.
- Eit godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø.
- Dyktige og engasjerte tilsette i aktive fagmiljø.
- Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
- Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar. (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd-og-leie-av-lokaler)
- Tilbod om kompetanseutvikling og leiarutvikling.
- Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen - nær både byliv og natur.
- Løn i stillingskode 1475 vert fastsett etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 1 134 700 - kr 1 205 800, avhengig av kompetanse og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/), som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån.
Slik søkjer du stillinga:
Søknad og CV skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev. I søknaden skal det gjerast greie for søkjaren sine ambisjonar for senteret si forskingsverksemd og korleis vedkomande vil styrkje si eiga faglege utvikling.
- CV.
- Vitnemål og attestar.
- Fullstendig publikasjonsliste.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge innan søknadsfristen.
Nærare om tilsettingsprosessen her. (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til dekan, professor Camilla Brautaset på telefon 55 58 23 06 / 473 29 832 eller e-post camilla.brautaset@uib.no, eller til styreleiar Siri Gloppen, tlf. +47 918 20 532, e-post siri.gloppen@uib.no.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar på tvers av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
FerdigheterAI-generert
- Ansette medarbeidere
- Forskningsledelse
- Ledelse av administrative aktiviteter
- Planlegge forskningsprosess
- Prosjektgjennomføring
- Strategisk ledelse
- Utføre vitenskapelig forskning
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Parkveien 9, 5020 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Professor/Førsteamanuensis, Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449364167
- Sist endret


