Prosjektøkonom (rådgjevar)
Universitetet i Bergen
- Frist 24.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye prosjektøkonom ved Det medisinske fakultet?
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Prosjektøkonom (Rådgjevar)
Vil du vere med å sikre god økonomistyring i banebrytande forskingsprosjektet ved Det medisinske fakultet (https://www.uib.no/med)? Vi søkjar ein strukturert og analytisk prosjektøkonom som trivst med ansvar og som er god på samarbeid.
Som prosjektøkonom får du ei sentral rolle i økonomistyringa av forskingsprosjekt med stor samfunnsverdi. Du vil ha ansvar for din eigen prosjektportefølje knytt til Klinisk institutt 1 (https://www.uib.no/k1) og Klinisk institutt 2 (https://www.uib.no/klin2).
Du er med i eit team på 14 økonomar og sikrar korrekt budsjettering og rapportering i tett samarbeid med leiinga. Stillinga inneber også samarbeid med andre økonomimiljø ved fakultetet og UiB.
Vi nyttar Unit4 ERP som økonomisystem samt Tableau og Excel som dagleg arbeidsverktøy.
Kvifor velje oss?
Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2 har omfattande forskingsaktivitet. Hos oss får du moglegheita til å jobbe med spennande økonomiske utfordringar og bidra til forsking som utgjer ein forskjell. Administrasjonen har ei nøkkelrolle i å gi solid støtte til den faglege verksemda - og du blir ein viktig del av dette. Institutta forvaltar eit budsjett på over 370 millionar kroner, kor om lag 200 millionar er eksterne midlar.
Arbeidsoppgåver:
Hovudoppgåvene er å drive budsjettering, prosjektoppfølging og økonomistyring av eksternt- og internfinansierte prosjekt. I tillegg vil du utøve analyse, rådgjeving og gje administrativ støtte innan eksternfinansiert verksemd.
Sentrale oppgåver vil blant anna vere:
- Ansvar for eigne bidrags- og oppdragsprosjekt
- Utarbeide og følge opp budsjett, rapporteringar og avviksanalysar
- Gi rådgjeving og styringsinformasjon til leiarar
- Sikre god kvalitet og internkontroll i økonomistyringa
- Saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi søkjer deg som har følgande kvalifikasjonar:
- Det kreves minimum bachelorgrad i økonomiske fag, fortrinnsvis mastergrad. Delar av utdanningskravet kan kompenserast for ved relevant erfaring og etter/vidareutdanning.
- Fleire års relevant erfaring er naudsynt ved tilsetjing som rådgjevar.
- Erfaring frå å sette seg inn i komplekse regelverk.
- Svært god skriftleg og munnleg framstillings- og kommunikasjonsevne både på norsk og engelsk.
- God rekneskaps- og tallforståing.
- God digital kompetanse og gode ferdigheiter i bruk av Excel.
Ønska kvalifikasjonar:
- Erfaring frå økonomioppfølging/controllararbeid og rådgjeving i prosjekter.
- Erfaring frå rapportering til ulike finansieringskjelder.
- Kjennskap til EUs forskingsprogram og Norges Forskningsråd.
- Erfaring med økonomiarbeid frå tilsvarande verksemd og kjennskap til universitets- og høgskulesektoren.
- Kjennskap til Unit4-ERP eller liknande system.
Vi søkjer deg som
- er strukturert, analytisk og løysingsorientert
- trivest med varierte oppgåver og har god gjennomføringsevne
- jobbar sjølvstendig, nøyaktig og målbevisst
- har høy serviceinnstilling og gode samarbeidsevner
- evnar å handtere mange oppgåver samtidig - både planlagde og uventa.
I vår samla vurderinga av kva for kandidat som er best kvalifisert, vil vi gjere ei heilskapleg vurdering av utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, motivasjon og andre kvalifikasjonskrav som kjem fram av annonseteksten.
Vi kan tilby:
- ei spanande, kompleks og utfordrande stilling i eit sterkt fagmiljø.
- ei stor kontaktflate i organisasjonen og moglegheit til å påverke økonomistyringa i forskingsprosjekt.
- gode kollegaer som deler kunnskap.
- løn i stilling som rådgjevar (stillingskode 1434) i lønsspenn frå kr 670.000 til kr 770.000 avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
- medlemskap i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/), med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar.
- gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd).
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga får du ved å kontakte økonomisjef Kristine Tangen (https://www4.uib.no/finn-ansatte/Kristine.Tangen), anten på mobil 95 11 66 94, eller e-post: kristine.tangen@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå https://www.hkdir.no (https://hkdir.no/) for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d)
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
FerdigheterAI-generert
- Budsjettarbeid
- Digitale ferdigheter
- Forskrifter
- Internkontroll
- Microsoft Excel
- Økonomistyring
- Rapportering
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 28, 5009 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Controller, Økonomi og regnskap, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449327563
- Sist endret
