Assistent
Seksjon for forsyning og interntransport Volda og Ålesund, Helse Møre og Romsdal
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Har du lyst til å bli ein del av vårt dyktige team ved sengesentralen ved Ålesund sjukehus?
Ved sengesentralen har vi no ledig eit vikariat i 50 % stilling som assistent, med moglegheit for forlenging og eventuelt fast tilsetjing.
Vi søkjer også etter tilkallingsvikarar som kan stille på kort varsel ved behov.
Sengesentralen er organisert i Seksjon for forsyning og interntransport, og vi er genuint opptekne av å levere gode og pålitelege servicetenester til sjukehuset. Hos oss i sengesentralen spelar du ei viktig rolle i den daglege drifta av sjukehuset. Vi sørgjer for at pasientsenger og tilhøyrande utstyr til ei kvar tid er reint, trygt og klart til bruk – eit arbeid som er avgjerande for både pasienttryggleik og god pasientflyt.
Som assistent blir du ein del av eit inkluderande og arbeidsamt arbeidsmiljø, der samarbeid, ansvarskjensle og serviceinnstilling står sentralt. Arbeidsoppgåvene er varierte og praktiske, og du vil ha tett samarbeid med andre faggrupper på sjukehuset.
Vi ser etter deg som er påliteleg, strukturert og trivst med fysisk arbeid, og som ønskjer å bidra positivt til kvardagen for både pasientar og kollegaer. Du må vere innstilt på å jobbe vakter både kvardagar, heilagdagar og i helger. Det er ein fordel om du kan tiltre så snart som mogleg, og at du kan jobbe meir i periodar når det er behov.
Arbeidsoppgåver
- Transport, kontroll, reingjering og klargjering av pasientsenger
- Mottak og tilrettelegging av arbeidstøy til tilsette
- Bestilling av avdelingstøy
- Andre oppgåver som er lagde til seksjonen
Kvalifikasjonar
- Gjerne erfaring og kjennskap innan reingjering
- Generelt god helse og fysikk
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og likar å jobbe saman med andre
- Du er hyggeleg, serviceinnstilt og trivst i ein variert og til tider hektisk arbeidskvardag
- Du er omgjengeleg, påliteleg og nøyaktig i arbeidet ditt
- Du ønskjer å bidra aktivt til å ta vare på og vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø
- Du er ein fleksibel person som handterer endringar på ein god måte i ein seksjon i utvikling
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Vegard Edvardsen Kjemphol, Seksjonsleiar, vegard.edvardsen.kjemphol@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5074350144
Stillingsprosent: 50, 0%
Vikariat, Tilkalling/Timebasis
Startdato: 02.03.2026
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 22.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449358080
- Sist endret

